NRK Meny
Normal

Auka rørsler i Mannen

Store nedbørsmengder, men farenivået er det same som før.

Mannen i Romsdalen

Det er framleis gult farenivå, men rørslene har auka i den øvste delen av Veslemannen.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Rørslene i det ustabile fjellet «Mannen» i Romsdalen har auka på grunn av mykje nedbør.

Det har kome 31 millimeter nedbør på eitt døgn, melder NVE.

I den øvste delen av Veslemannen er farta pr. time tilsvarande 4 centimeter i døgnet.

Det er forventa at nedbøren vil minke i løpet av laurdagen.

Farenivået er framleis gult, noko som betyr moderat fare for skred.