Auka rørsle ved Mannen

Dagsrapporten frå NVE viser auka rørsler ved det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen i Rauma. Årsaka er nedbøren i går kveld og i natt. Rørslene har vore 24 millimeter i øvre del og tre millimeter i nedre del. Prognosane viser dessutan auka nedbør igjen frå i ettermiddag og kveld.

Mannen
Foto: Øyvind Sandnes / NRK