Hopp til innhold

– Alle kan bli birøktarar

Andrea Lothe har produsert eigen honning i to år. Eller, biene hennar har det. Ho er ein av stadig fleire birøktarar.

Birøkter Andrea Lothe leitar etter ei dronningbie

LEITAR ETTER EGG: Andrea Lothe saumfer rammene i bikuba, for å sjå om der finst nye egg. Det tyder nemleg at der også finst ei dronning.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Det summar rundt øyra, og biene stangar i nettingen framfor auga.

– Sjå, ei dronning! Og den er kvit!

Andrea Lothe finn ei dronning i ei bikube. Den har allereie fått ein kvit flekk på ryggen. Dronningane blir merka så ein skal vite kva år dei er ifrå. Den kvite flekken tyder at denne dronninga er frå i fjor.

– Nei, er det sant?

Seier Lars Magne Haram. I denne kuba skulle det ikkje vere ei merka dronning. Dei kjem fram til at den må ha flytta inn frå ei anna kube.

Birøkter Andrea Lothe og Lars Magne Haram fann ei kvit dronningbie i bikuba.

Dronningbia er større enn dei andre, og er her merka med ein kvit flekk på ryggen. Årets bier får ein gul flekk.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Fleire vil drive med birøkt

Det er meir lokalprodusert honning på marknaden no, enn det var for nokre år sidan.

Randi Walderhaug Frisvoll, leiar MR KrF

Leiar i Møre og Romsdal birøktarlag, Randi Frisvoll, driv med bier i tillegg til at ho også er leiar for KrF i fylket.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I Møre og Romsdal birøktarlag har dei merka ein stor auke i interessa for bier. Birøktarlaget arrangerer kvart år eit treff, Tafjordtreffet, der lokale birøktarar og andre interesserte møtast for å lære av kvarandre.

– Tidlegare har det brukt å kome mellom 20 og 30 bieinteresserte, men i år var det fleire enn 60 påmelde.

Dei har også hatt ein stor auke i medlemstal dei siste åra, fortel leiar Randi Frisvoll.

– I 2014 hadde vi 80 medlem, i år har vi 200. Så det har vore ein stor auke.

Birøkter Andrea Lothe framfor bikubene sine

Då Andrea Lothe var fersk birøkter kunne ho site i timevis framfor kubene og sjå korleis biene arbeidde.

Biene til birøkter Andrea Lothe

Ein gjeng arbeiderbier står nedst i kuba og ventilerer for å gjere honningen klar.

Birøkter Andrea Lothe og Lars Magne Haram har funne ei dronningbie frå i fjor.

Viss du ser veldig nøye etter kan du finne ei dronningbie her. Den er større enn dei andre, og har ein kvit flekk på ryggen.

Interesse for mat og miljø

Også Norges Birøkterlag har merka ein aukande trend dei siste åra. I dag har dei rundt 4500 medlem landet rundt.

Astrid Bjerke Lund

Astrid Bjerke Lund er kommunikasjonsansvarleg i Norges Birøkterlag, som også har merka ein auke i interessa dei siste ti åra.

Foto: Norges birøkterlag

Astrid Bjerke Lund trur trenden heng saman med ein aukande interesse for miljøet og for å ta vare på insekta våre. I tillegg til at fleire er opptekne av sjølvberging og kortreist mat.

– Fleire har blitt oppmerksame på kor viktige insekta er for maten vi et, for pollinering og naturen vår. Vi ønskjer alle nye birøktarar hjarteleg velkomne til ei spennande verd, seier Bjerke Lund.

Birøkter Andrea Lothe og Lars Magne Haram leitar etter egg og dronningbie

Lars Magne Haram leitar etter egg inne i dei små, sekskanta cellene i ramma frå bikuba.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Lokallagsleiaren i Møre og Romsdal seier den typiske birøktaren er annleis i dag enn den var før.

– På 70-talet var det kanskje ein piperøykande godt vaksen mann med skjegg som dreiv med bier. Men no ser vi mange unge kvinner og menn som byrjar.

500.000 husdyr

Andrea Lothe hadde ingen interesse for bier, då ho likevel bestemte seg for å melde seg på eit kurs.

– Eg hadde lyst på ein hobby som tillot meg å vere ute så mykje som mogleg om sommaren. Så sa eg til bror min at eg hadde meldt meg på eit kurs og ville bli birøktar, og då sa han «hæ? Køddar du, det skal jo eg og!».

Birøkterar Andrea Lothe og Lars Magne Haram

Andrea Lothe og Lars Magne Haram røkter saman med bror til Lothe og ein kompis til. Slik får dei fordelt arbeid og ansvar i dei travlaste periodane.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

No røkter dei saman, i lag med to kompisar til. Og om lag tre år etter dei starta, har motivasjonen til Lothe endra seg. No er det ikkje lenger det å vere ute som er viktigast.

– No er det biene som held meg her. Honningen er ein bonus, og det å ha utehobby er ein bonus. Det var ikkje biene som fekk meg til å byrje, men det er dei som får meg til å bli.

Birøkter Andrea Lothe og Lars Magne Haram

– Eg har ein hund, så tidlegare har eg tenkt at eg har eitt kjæledyr. No har eg 500.000. Tanken på å berre drite i dei ein sommar, det går ikkje, seier Lothe.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Er du også nysgjerrig på det hemmelege livet i bikuba, så har Lothe nokre nybyrjartips til deg.

Har du lyst, har du lov

Før ein skaffar seg bikubar må ein melde frå til Mattilsynet. Dei skal ha oversikt over kven som driv med birøkt, i tilfelle det dukkar opp sjukdommar. Utanom det, må du ikkje søkje om lov. Dei som har lyst, og plass, kan setje i gong med honningproduksjon.

Du må derimot gå på kurs viss du vil bli sertifisert birøktar, noko du må vere for å kunne flytte biene dine frå ein stad til ein annan.

Nok tid

– Du bør vite at du har tid, spesielt i mai og juni, seier Lothe.

Desse tidlege sommarmånadane blomstrar det rundt oss, og biene har mykje å gjere. Det hender også at dei stikk av.

Del på gleda

– Det kan vere lurt å vere saman med nokon. Eg synest det er godt å kunne dele på ansvaret og gleda. Og så er det godt å kunne diskutere med nokon.

Lothe og resten av birøktargjengen har ein app der dei legg inn info om dei ulike kubane, og kva arbeid dei har gjort.

Birøkter Andrea Lothe og Lars Magne Haram roer ned biene med røyk.

Birøktarane Andrea Lothe og Lars Magne Haram roar ned biene med røyk. Då forsvinn dei ned i kuba.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Research

Lothe og dei andre birøktarane ringer til meir erfarne birøktarar når det er noko dei ikkje forstår. Ho seier det kan vere lurt å finne seg ein mentor.

– Ta kontakt med det lokale birøktarlaget og spør om du får vere med i ein bigard og sjå. Då får du eit heilt anna inntrykk enn når du berre les om det.

– Og bruk Google, og sjå filmar på Youtube, legg ho til.

Hugs utstyret

– Og så er det ein fordel å ikkje vere allergisk, seier Lothe.

Ho har ikkje alltid vore like forsiktig med drakt, hanskar og slør, men den tid er forbi.

– Eg har nok vore litt uforsiktig med utstyret, og har utvikla ein bieallergi. Så eg tøffar meg ikkje i bigarden no.

Les også Alexandru fikk sjokk da han våknet: Rundt 800.000 bier stjålet

Bikuber stjålet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL