NRK Meny

Auka inntekter og lågare kostnader

Sparebanken Møre hadde eit resultat etter skatt på 186 millionar kroner i andre kvartal. Dette er 47 millionar høgare enn i fjor. Auka inntekter, lågare kostnader og lågare tap er årsakene. Administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand er fornøgd med eit betra resultat i det han kallar ein tøffare konkurransesituasjon enn nokon gong.

Olav Arne Fiskerstrand
Foto: Sparebanken Møre