NRK Meny
Normal

Forsikringsbransjen uroa over «sydenvaldtekter»

Tal frå forsikringsbransjen viser at mellom 20 til 30 unge blir valdtekne på ferie kvart år. Forsikringsbransjen trur likevel det er store mørketal. No åtvarar dei mot sydenfylla.

Group of Friends Having a Party at Beach

UROA: Tal frå forsikringsbransjen viser at mellom 20 til 30 unge blir valdtekne på ferie kvart år, men bransjen trur det er store mørketal. Dei er uroa for utviklinga.

Foto: William Perugini

– Vi ser at for stadig yngre reisande så betyr ikkje ferie berre strandliv, men også uteliv og fri flyt av alkohol, seier Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonsansvarleg i Frende Forsikring.

Dei er uroa for kva denne utviklinga fører til.

– I slike tilfelle kan grensene fort bli uklare, og nokon vel å utnytte seg av ungdom som drikker seg fulle. Det kan i nokre tilfelle ende i ei valdtekt, held ho fram.

Kvart år mottar norske forsikringsselskap meldingar frå kundar som har blitt utsett for seksuelle overgrep i utlandet.

I 2013 registrerte UD 31 meldingar frå nordmenn som blei utsett for valdtekt i utlandet. Også dei trur det er store mørketal.

Uroa over utviklinga

Sommarferien er godt i gong, og fleire unge vel å reise på ferie saman med vennegjengen, framfor familien. Desse turane er ofte prega av meir alkohol og festing enn dei tradisjonelle familieturane.

Heidi Toftera Slettemoen

ÅTVARAR: Heidi Tofterå Slettemoen ber dei reisande passe på seg sjølv i utlandet.

Foto: Heidi Toftera Slettemoen

Slettemoen vektlegger at dei ikkje prøver å skremme unge reisande. Likevel meiner ho det er viktig å sette fokus på temaet, og oppmuntre dei reisande til å passe litt ekstra på.

– Vi har dessverre mottatt meldingar om seksuelle overgrep også i år. Difor er det viktig at dei reisande tek vare på seg sjølv, seier Slettemoen.

Talet på seksuelle overgrep i utlandet har vore uendra dei siste åra, men bransjen trur det er store mørketal ettersom mange ikkje fortel om overgrepa, eller melder det inn til forsikringsselskapet.

– Vi ser at dei som reiser blir stadig yngre, så vi er uroa for kva det vil gjere med statistikken i åra framover, seier Slettemoen.

Spesielt åtvarar Slettemoen mot å reise til dei mest tradisjonelle partystadane der store mengder unge samlast for å drikke og feste.

– Dei skil seg dessverre negativt ut, så vi frarår dei aller yngste å reise til desse stadane, seier Slettemoen.

Dekker det meste

Slettemoen vektlegg at reiseselskapet hjelper til med det meste dersom du skulle bli utsett for eit overgrep når du er ute på reise.

– Reiseforsikringa kan bidra med å frakta familiemedlem til feriestaden, og få deg raskare heim. I tillegg kan vi tilby akutt psykologhjelp på staden eller etter heimreise. Alt av lege- og behandlingsutgifter er dekt i slike saker, seier Slettemoen.

Likevel er det nokre ting du bør vere klar over.

– Det kan vere lurt å vite at ikkje alt dekkast av reiseforsikringa. Dersom du hamnar på sjukehus som følgje av alkoholforgifting, må pumpes, har tatt rusmiddel eller andre farlege stoff, så er det vanlegvis noko du må dekke sjølv. Det kan fort bli dyrt, åtvarar Slettemoen.

Slette har klare råd til dei reisande.

– Gjer avtalar med kvarandre om å ikkje gå aleine, og sørg for å pass på deg sjølv og kvarandre. I tillegg kan det vere lurt å passe på drinken din slik at ingen kan ha noko opp i den når du ikkje ser, seier Slettemoen.

Ikkje uroa

venniner

IKKJE UROA: Venninnene Nora Meyer og Margareth Berstad er ikkje uroa for overgrep på ferie.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Venninnene Nora Meyer og Margareth Berstad planlegger sydentur i haustferien når dei har fylt 18. Dei er ikkje uroa for at noko skal skje med dei.

– Det blir nok ein tur saman med venninnegjengen, og då blir det sikkert litt fest og drikking. Men eg trur ikkje vi kjem til å ta heilt av, det å vere trygg er sjølvsagt noko eg tenker over, både her og i utlandet, seier Nora.

Margareth er samd.

– Det viktigaste for oss er å ha det kjekt saman med venane våre. Og så er det alltid nokon som er litt meir ansvarsfulle i gjengen, og som alltid passar på, seier ho.

Jentene trur det viktigaste er å vere føre var når dei er ute reiser.

– Det går som regel bra så lenge ein ikkje går rundt aleine. Det er då det er fare for å bli utsett for overgrep. Eg har ikkje planer om å drikke meg så full at det går heilt over styr, seier Nora.

– Ja. Vi kjenner avgrensingane våre, seier Margareth.

Viktig å få hjelp

Svanhild Lillebostad ved Senter mot incest og seksuelle overgrep i Møre og Romsdal, blir kontakta både av unge og vaksne som opplever seksuelle overgrep i utlandet. Lillebostad trur likevel at unge kan vere ekstra utsett for slike overgrep.

– Det er ofte meir alkohol inne i bilete, og unge har kanskje ein annan omgang med kvarandre enn vaksne. Dei har ein eigen ungdomsveremåte. Det er jo litt slik i vårt samfunn at dette med seksualitet og flytande grenser kanskje er meir vanleg blant unge enn i den vaksne generasjonen, seier Lillebostad.

Senteret tilbyr eit lågterskeltilbod, og er ope for alle som har spørsmål eller vil ta kontakt om det dei har opplevd.

Senteret har ein rekke tenester som kan hjelpe dei som blir utsett for eit overgrep, alt etter behov. Lillebostad meiner det er viktigaste er å få hjelp etter eit overgrep.

– Ein person kan ha mykje kaostanker etter eit slikt overgrep, i alle fall dersom det har vore rus inne i bilete. Etter kvart kan det få alvorlege konsekvensar i form av problem med søvn, i tillegg til at det kan gå utover jobb og i livet generelt, seier Lillebostad.

Eg kan ikkje få sagt nok kor viktig det er at dei tek kontakt for å få den hjelpa dei treng. Det kan vere veldig vanskeleg å behandle desse tinga aleine.

Svanhild Lillebostad

Spesielt viktig kan det vere å søkje hjelp når overgrepet har skjedd i utlandet.

– Det er ikkje så lett for politiet å etterforske eitt overgrep du har vore utsett for i utlandet. Difor er det sjeldan nokon blir dømt for desse forholda, seier Lillebostad.

– Vi veit at dersom ein får snakka om desse tinga, jobba med dei ubehagelege tankane og plassere skulda for det som har skjedd, så kan det vere lettare å legge desse tankane ein plass der dei kan ligge i ro, held ho fram.

At nokre vil trenge meir oppfølging og hjelp enn andre er naturleg, spesielt dersom dei er veldig unge.

– For dei kan det vere vanskeleg å forstå konsekvensane av det dei har opplevd, og dei treng kanskje meir hjelp. Eg kan ikkje få sagt nok kor viktig det er at dei tek kontakt for å få den hjelpa dei treng. Det kan vere veldig vanskeleg å behandle desse tinga aleine, seier Lillebostad.