Åtvarar om glatte vegar

Politiet i Møre og Romsdal har fått fleire meldingar om køyretøy som har sklidd av vegen, mellom anna i Kvalvågbakken på Frei i Kristiansund. Vegtrafikksentralen er orientert om situasjonen og har alle tilgjengelege resurser ute for å skape trygge vegar. Oppmodinga frå politiet er å køyre forsiktig og vere tålmodig i trafikken.

Utforkøyring Kvalvågbakken
Foto: Eirik Haukenes / NRK