Hopp til innhold

Åtvarar mot vanskelege køyreforhold

Regn, sludd og snøbyer fører til vanskelege forhold på vegane i indre og høgareliggande delar av fylket. Det har vore fleire ulykker på vegane søndag.

Slapseføre

Slaps og snø har ført til vanskelege køyreforhold i dag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Føreforholda i fylket har vore utfordrande for mange denne søndagen, og vanskelegare kan det bli, ifølgje vakthavande i Statens vegvesen på Sunnmøre, Odd Einar Hjellen.

Sju personar vart sende til sjukehus etter et møteulykke på Ørskogfjellet søndag ettermiddag. Litt seinare vart to personar frakta til legevakta i Molde etter ei utforkøyring på Fursetfjellet. Politiet melder at det er vanskelege køyreforhold der. I Stordal køyrde også ein bil i grøfta.

Glatt vegbane

Alt i dag tidleg var det snø og snøslaps på dei fleste fjellovergangane i fylket bortsett frå Fursetfjellet. Både Gråura på rv. 79, Strandafjellet, Romsdalen og i høgare strok i Indre Romsdal og Sunnmøre var prega av at vinteren er i anmarsj.

– Brøytebilar er ute dersom og når entreprenørane som har ansvaret for dei ulike strekningane, finn det naudsynt. Men det er likevel grunn til å åtvare mot dei mange haglbyene som går over distriktet. Dei kan kome svært brått på, og skape glatt vegbane, seier Hjellen.

 Brøytebilsjåfør Håvard Bjølverud

Brøytebilsjåfør Håvard Bjølverud har hatt nok å gjere søndag. Han brøyter opp og ned Romsdalen.

Foto: Roar Strøm / NRK

45 centimeter nysnø

Øvst i Romsdalen er det kvitt av snø over alt. Brøytebilsjåfør Håvard Bjølverud brøyter for Mesta opp og ned Romsdalen, og har følgt trafikken i heile dag.

– Det har gått bra, sjølv om det har kome 45 centimeter nysnø øvst oppe. Eg har ikkje sett spesielle hendingar langs vegen, så det ser bra ut, seier Bjølverud.

Han legg til at forholda er om lag slik dei brukar å vere på denne tida av året: Han trivst i jobben, og erfarer at det kan bli travle dagar for brøytemannskapa i

Seint ute med vinterdekk

Daniel Rosenborg skifta dekk

Daniel Rosenborg torde ikkje anna enn å skifte om til vinterdekk i dag langs vegen. Han skulle køyre heilt til Larvik.

Foto: Roar Strøm / NRK

I Romsdalen fann Daniel Rosenborg det klokast å køyre ut av vegbanen og legge om til vinterdekk på bilen han hadde kjøpt og henta i Ålesund. I ettermiddag skal han køyre heilt til Larvik.

– Eg høyrde at det var eit forferdeleg vêr over Lesja og Bjorli, med opptil 20- 25 centimeter nysnø og fullt kaos. Difor fann eg det lurast å køyre til sides og legge om, seier Rosenborg til NRK.

Han seier det er forferdeleg å stå å skifte dekk langs vegen.

– Det hadde nok vore ein fordel om eg hadde lagt om før, ja, vedgår Daniel Rosenborg og oppmodar medbilistar til å legge om før dei legg ut på vegane.

Vinteren er komen i Romsdalen

Øvst i Romsdalen er det kvitt av snø over alt.

Foto: Roar Strøm / NRK