Hopp til innhold

Åtvarar sterkt mot teaterstykke – meiner fleire foreldre burde sett ned foten

Psykologspesialist og styrleiar i organisasjonen Genid, Marit Bruset, hevdar teaterstykke om kjønnsidentitet kan gå på helsa laus for sårbare barn. Riksteatret håper på fulle hus når dei straks legg ut på turné.

Marit Bruset

Psykologspesialist Marit Bruset er ikkje glad for teaterstykket Tobias og dagen det smalt. Ho tvilar ikkje på at det fins barn med diagnosen kjønnsdysfori. Samstundes er ho redd for at sårbare barn, som har andre utfordringar, får ei tilleggsbelastning dersom dei trur dei har feil kjønn.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Artikkelen er oppdatert med opplysningar om Bruset si rolle i organisasjonen Genid.

17.03.2020: Artikkelen er vidare oppdatert med ei presisering av at ho har sett traileren for stykket, ikkje forestillinga, slik det framgjekk av den første versjonen av artikkelen.

Teaterstykket om småjenta Cecilie som helst vil vere Tobias, har vekt harme blant enkelte småbarnsforeldre på Sunnmøre. Denne veka blei det omstridde teaterstykket vist fram for elevar i Giske. Då nekta 15 foreldre ungane sine å delta.

Dei får applaus frå psykologspesialist Marit Bruset.

– Eg forstår godt at foreldra reagerer, det er på høg tid. Eg støttar dei hundre prosent, seier ho.

Bruset seier ho ikkje har sett stykket, men ho har følgt med på omtalane av teaterstykket og sett traileren. Ho hevdar det alminneleggjer og ufarleggjer idéen om å vere fødd i feil kropp. Ho fryktar at sårbare barn som slit med psykiske vanskar skal tru at det å endre på kroppen, er svaret, når dei strevar med heilt andre ting.

– Det er nemleg skummelt, vi kan ende opp med barn og unge som risikerer å gå gjennom feilbehandling. Det er alvorleg det som dei då blir utsette for. Det utgjer ein helserisiko, seier ho.

Teaterførestillinga «Tobias og dagen det smalt» ved Godøy skule

Stolar blei ståande tomme då teaterstykke om kjønnsidentitet blei vist for skuleelevar på Sunnmøre denne veka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sterke reaksjonar

Men Bruset har tidlegare markert seg som motstandar mot det ho kallar «eksperimenteringa med barn og unge når det gjeld kjønnskorrigerande behandling». Ho er styreleiar i den norske delen av organisasjonen Genid, som i følgje nettsidene deira har eit kritisk syn på etterforsking og behandling av barn og unge med kjønnsspørsmål. Synspunkta hennar er omstridde.

Både ho og foreldra som held ungane borte frå teaterstykket, får motbør. Det har kokt i kommentarfeltet etter at NRK skreiv om striden. Over 800 har reagert eller kommentert saka. To av dei skriv slik:

«1900 tallet ringte og ville ha tilbake fordommene sine!»

«Hva er dere så redde for? Tror dere at barna forlater gymsalen som «omvende"?»

2. kandidat i Møre og Romsdal SV, Kim Thoresen-Vestre, meiner foreldreprotesten er heilt uforståeleg, og at elevane ikkje burde fått fritak frå å sjå teaterstykket.

– Kvar går grensa? Dersom foreldra meiner det periodiske system er feil, skal ikkje elevane ha opplæring i dette i naturfag, då? spør han.

Kim Thoresen-Vestre

2.-kandidat for Møre og Romsdal SV, Kim Thoresen-Vestre, meiner foreldreprotesten mot teaterstykket er heilt uforståeleg.

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen / Marius Nyheim Kristoffersen

Tusenvis av norske skuleelevar har sett stykket

Dei siste fire åra er teaterstykket vist på norske skular over 200 gonger. Det betyr at tusenvis av skuleelevar, heilt ned i seksårsalderen har sett stykket. Ifølgje skodespelarane har dei fått reaksjonar frå foreldre berre to gonger før.

Ho som har skrive manuset, Jenny Svensson, seier ho synest reaksjonane på Sunnmøre er triste.

– Vi har fått mange, mange, mange gode tilbakemeldingar, men ingen om at nokon har blitt skadde eller kjent seg dårlege i ettertid. Vi har lagt opp til god dialog med skulane både før og etter, seier ho.

Jenny Svensson

Manusforfattar Jenny Svensson seier ho ikkje har fått tilbakemeldingar før om at nokon har kjent seg dårlege etter å ha sett teaterstykket. Ho syns reaksjonane frå Sunnmøre er triste.

Foto: Marius Fiskum

Ho meiner tematikken har vore snakka alt for lite om, og at det er på høg tid å gjere det no.

– Både for dei få som det faktisk personleg gjeld, men også alle oss andre, som står rundt. Det at det er eit komplekst tema, betyr ikkje at vi skal snakke mindre om det, tvert om, seier Svensson.

Synest det er flott med debatt

Riksteatret legg straks ut på turné landet rundt og skal vise fram stykket 24 stader. Teatersjef Arne Nøst synest det er bra med debatt.

Arne Nøst

Teatersjef Arne Nøst seier ei av oppgåvene til teatra er å skape engasjement og debatt.

Foto: Riksteatret

– Stykket handlar om å stole på og tru på seg sjølv, og vissa om at alle barn er like mykje verd. For Riksteatret er det viktig å by på teater av høg kvalitet, og dersom framsyninga kan skape engasjement og debatt er det ein del av oppgåva til teatra, seier han.

Ber om kvalitetssikra behandling

Psykologspesialist Marit Bruset seier diagnosen kjønnsdysfori er anerkjend og godt kjent, og at både barn og vaksne kan oppleve sterkt ubehag ved sitt eige kjønn.

Ho seier dei som opplever kjønnsdysfori må takast på største alvor.

– Barn og vaksne må behandlast med respekt og har krav på kvalitetssikra behandling. Vi kan ikkje køyre ei linje der vi pushar dette, seier ho.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL