NRK Meny
Normal

Åtvarar mot svindlarar

Ver varsam dersom du hyrar steinleggarar til å gjere arbeidarar for deg, åtvarar politiet. – Ikkje medverk til kriminalitet.

Steinlegging

ILLUSTRASJONSFOTO: Politiet åtvarar mot omreisande steinleggarar som er ute etter å lure deg.

Foto: Konterud, Roy / NTB scanpix

Dei siste åra har Sunnmøre hatt mange besøk av ulevelege steinleggarar som tilbyr ulike tenester innanfor steinlegging og asfaltarbeid. Politiet går difor ut for å åtvare publikum mot omreisande steinleggarar som er ute etter å lure dei.

– Hovudmennene som inngår «kontrakt» og krev inn pengar er gjerne britiske statsborgarar. Dei vert sjeldan eller aldri sett på arbeidsplassane. Andre tek seg av å verve personar som kan utføre arbeidet, seier seksjonsleiar Eivind Klokkersund ved Økoteamet i Sunnmøre politidistrikt.

Arbeidarane er ofte andre britar, eller personar frå Litauen, Tsjekkia, Romania, Polen eller andre land i Aust-Europa.

Til kamp mot steinleggarane

Fleire av dei er registrert i Brønnøysundregistera og merverdiavgiftsregisteret. Slik står fram dei tilsynelatande truverdige og seriøse. Arbeidstilsyn, Skatteetaten, Tollvesenet, Statens vegvesen og politidistrikta samarbeider no for å stoppe dei useriøse steinleggarverksemdene.

Arbeidarane får betalinga si stort sett svart, dei får sjeldan feriepengar eller vert forsikra mot arbeidsulykker. Kontrollane viser at det vert brukt ulovleg utstyr, arbeidarane har lite verneutstyr og mange av køyretøya er ikkje i forskriftsmessig stand

– I kontrollane til politiet vert det avdekka at arbeidstakarane svært ofte ikkje har arbeidskontraktar eller ID-kort. Fleire manglar også gyldig opphalds- og arbeidsløyve, seier tilsynsleiar Jan Erik Rinnan i Arbeidstilsynet Midt-Norge.

Aggressive

Det har tidlegare vore meldt om fleire episodar om aggressive steinleggarar. Politiet ber folk om å vere forsiktige. Det er oppretta fleire straffesaker etter at steinleggarane har brukt vald og truslar for å presse kundane for pengar.

– Vi har erfart at dei som kjøper tenester utset seg sjølv for risiko. Vi veit at desse personane kan vere pågåande og ha ei truande framferd overfor dei som vert kontakta, seier Klokkersund.

Ønsker tips

Etterforskinga kan vere utfordrande for politiet ettersom det viser seg å vere vanskeleg å få fatt i bakmennene.

– Firma skiftar også ofte eigar. Dersom politi, arbeidstilsyn, toll og skatteetat set i gong og kontrollerer verksemdene reiser dei til eit anna distrikt eller område og tilbyr sine tenester, forklarar Klokkersund.

Politiet understrekar at ein medverkar til kriminalitet dersom ein kjøper tenester frå dei omreisande steinleggjarane og ber folk om tips slik at dei får kartlagt kvar arbeidarane er.

– Er utanlandske steinleggarar å sjå i arbeid med ein oppkøyrsel i ditt nabolag, tipsar du oss på telefon 02800. Om dei ringer på døra og tilbyr tenester vil vi også gjerne få kjennskap til denne aktiviteten, slik at vi veit kvar på Sunnmøre de oppheld seg, skriv politiet.