Hopp til innhold

Åtvarar mot stor brannfare i terrenget

Brannvesenet åtvarar mot stor brannfare i terrenget. Det er finvêr og tørt, og det er ikkje lov til å gjere opp eld i utmark.

Vegetasjonsbrann Folkestad

Onsdag brann det i terrenget på Folkestad i Volda. Bålbrenning var truleg årsaka.

Foto: Olaug Bjørneset / nrk

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Reglane kan likevel variere, og det er slett ikkje uvanleg at forbodet blir utvida når brannfaren er ekstra stor.

– Så seint som sist veke fekk vi melding om brann på Eltrane, heilt vest på øya Sula. I vestavind og på vestenden av øya og med svært tørr vegetasjon, så kunne følgjene ha blitt enorme, seier Kjartan Molvær, brannsjef i Sula.

Svært vanskeleg

Å sløkkje brann i skog og mark er ei av dei vanskelegaste oppgåvene brannfolk har. Brannen kan lett spreie seg over store område, og ofte er det vanskeleg å ta seg fram til staden for å sløkkje. Tilgangen på vatn er også svært varierande ute i terrenget.

– Ein er nesten sjanselaus når det oppstår slike brannar, seier brannsjef i Sula, Kjartan Molvær.

Kjartan Molvær

Kjartan Molvær er brannsjef i Sula.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Utilgjengeleg terreng

Tysdag brann det på Folkestad i Volda. Mykje tyder på at bålbrenning var årsaka til at terrenget tok fyr. Og for få dagar sidan oppstod det altså ein liknande brann på Eltrane i Sula. Naudetatane måtte ut i båt for å kome til staden, som ligg langt frå næraste veg.

– Brannen oppstod ved foten av eit bratt fjell. Det går råser ut til staden, men ingen veg. Næraste brannhelikopter er stasjonert på Torp i Vestfold, fortel Molvær. Men behov kan det sjølvsagt setjast i drift andre helikopter som finst ut over i landet, legg han til. Når det gjeld skogbrann er det 110-sentralen i Innlandet som sit på den største ekspertisen i Noreg.

Unntak

Forbodet mot å gjere opp eld mellom 15. april og 15. september er eit strengt forbod. Men det opnar også for at det er mogleg å gjere opp eld når det openbert ikkje medfører nokon brannfare.

– Om ein er på snaufjellet med mykje snø, eller om ein er ved vasskanten og vil lage eit kaffibål, så kan det gå bra. Poenget er at ein må gjere ei risikovurdering. Og dersom det går gale så er ein ansvarleg, seier Molvær.

Den nye forskrifta om brannforebygging blei sett i kraft 1. januar 2016. Her framgår det at bålreglane også gjeld for dei som eig den aktuelle grunnen. Det inneber at grunneigarar heller ikkje kan gje andre løyve til å gjere opp bål i utmarka. I rettleiinga til forskrifta skriv Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap også at bruk av eingongsgrill, primus, bålpanne, fyrverkeri, brannfarleg avfall, nyttårsrakketter og sigarettrøyking.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL