Åtvarar mot snøras

Det flotte søndagsvêret med sol og god temperaturar, aukar rasfaren i Møre og Romsdal, fryktar politiet. Operasjonsleiar John Bratland seier ulike typar våte flakskred kjem til å bli naturleg utløyste utover dagen. Han åtvarar skiløparar mot å gå i bratt terreng og i utløpsområde.– Fleire usikre snølag ligg oppå kvarandre i fjellet, og dei som går på tur bør vurdere både terreng, snø og ver og temperaturar som har vore siste tida, før die legg ut. Politiet ber skigåarar følgje med på varslingstenesta varsom.no, som melder om stor rasfare.

Saudehornet
Foto: K.A. Egset / Arkivfoto