Hopp til innhold

Åtvarar foreldre om å legge ut skrytebilete av vitnemålet

I dag fekk mange elevar vitnemålet sitt. På sosiale medier har stolte foreldre lagt ut bilete av karakterane. Psykolog meiner dei bør tenke seg om.

Marit Bruset

Psykolog Marit Bruset treff ofte tenåringar som lever med eit stort forventningspress. Ho trur presset på barna aukar dersom karakterane deira vert eksponert offentleg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vitnemål

I dag var det mange elevar som fekk vitnemålet sitt.

Foto: privat

Marit Bruset er psykolog og har ingen problem med å forstå at foreldra er glade når barna deira presterer bra på skulen og får gode karakterer på vitnemålet. Ho meiner likevel at det kan ha negative konsekvensar å legge ut vitnemålet på sosiale medier.

– Ein skaper eit forventningspress. Når barna er eksponert for heile verda med at dei har prestert på topp, ligg det forventningar om at dei skal gjere det like bra neste gong, forklarar psykologen.

Ho er redd for at foreldre dermed bidrar til å legge lista høgt.

LES OGSÅ:

Innlagt på sjukehus

Bruset seier at det vanlige før sosiale medier kom, var å fortelle om skuleresultatat til dei næraste. No får alle som har tilgang til internett vite det.

– Vi ser at fleire tenåringar vert innlagt på sjukehus på grunn av stress og press om å ha gode karakterar, seier Bruset.

Ho meiner sosiale medier forsterkar presset. Psykolgen viser til at både foreldre og barn lever i ein kultur der det er viktig å vere vellukka og samanliknar seg med andre.

Redde for å skuffe foreldra

Sjølv har ho studentar i behandling som opplever forventningspresset på kroppen og er redde for å skuffe foreldra sine.

– Ofte handlar det om foreldre sine ambisjonar og ynskjet om at barna skal gjere det bra, seier Bruset.

Nederlag

Ho meiner foreldre bør tenkje seg om før dei legg ut skrytebilete av vitnemålet på sosiale medier.

– Dersom barnet ikkje klarer å lukkast neste gong, vert nederlaget også eksponert. Det kan ramme sjølvkjensla til dei unge, seier Bruset.

Dei som ikkje får gode karakterar, kan også føle seg mislukka når andre sine karakterar vert offentleggjort.