Hopp til innhold

Åtvarar mot oppløysing av Nordmøre

Prosjektleiar Jan Erik Larsen i Kom Vekst åtvara mot oppløysing av Nordmøre som region under eit folkemøtet i Surnadal måndag kveld. Under møtet tok fleire til orde for å sjå mot Trøndelag.

Jan Erik Larsen, Kom Vekst

Jan Erik Larsen er prosjektleiar for strategisk utvikling i næringsselskapet Kom Vekst.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det viktigaste er at vi kan levere gode tenester til innbyggjarane i framtida. Men ein kombinasjon av det og at vi greier å halde Nordmøre samla er viktig for meg, seier Jan Erik Larsen.

Prosjektleiaren i næringsselskapet Kom Vekst har fått i oppdrag i greie ut om Nordmøre si framtid i lys av kommunereforma. Han fryktar at regionen skal orientere seg i ulike retningar og dermed bryte opp identiteten som finst i dag.

– Eg vil jobbe for eit så stort framtidig Nordmøre som mogleg, og gjerne i form av ein kommune, seier han.

– Eg fryktar at mindre kommunar som finn kvarandre blir for små i kampen om framtidige kompetansearbeidsplassar, infrastruktur og etableringar.

Fryktar ikkje større kommunar

Folkemøte om kommunesamanslåing Surnadal

Det var stort oppmøte under folkemøtet måndag kveld.

Foto: Trond Vestre / NRK

Måndag kveld var det fleire som tok til orde for at Surnadal må søkje løysingar som inneber store samanslutningar.

Ann Iren Brøttumsmo og Eline Lillegaard

Ann Iren Brøttumsmo og Eline Lillegaard er elevar på ungdomsskulen og deltok på folkemøtet i Surnadal måndag kveld.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg trur det gir oss fleire moglegheiter når vi blir ei større eining, det seier Ann Iren Brøttumsmo og får støtte frå Eline Lillegaard.

– Eg blir ikkje skremt av tanken på ein større kommune, seier ho.

Også næringslivsleiar Lars Løseth trur på ein storkommune.

Lars Løseth

Lars Løseth er næringslivsleiar på Nordmøre.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det blir sagt at ein må vere 15–20 000 innbyggjarar for å få eit akseptabelt tenestetilbod. Då kjem pengestraumen frå sentralt hald oppfordre til det, og då treng vi ein storkommune på Nordmøre.

Ser til Trøndelag

Lilly Gunn Nyheim

Lilly Ann Nyheim frå Arbeidarpartiet er ordførar i Surnadal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Folkemøtet gav ikkje noko tydeleg svar på kvar Surnadal skal gå i framtida. Ordførar Lilly Gunn Nyheim seier ho ikkje har konkludert i debatten om kva for fylke regionen bør høyre til.

– No ønskjer eg at fylkeskommunen kjem på banen og fortel kva som er bra med å høyre til Møre og Romsdal i staden for at dei seier kva som er gale med å gå mot Trøndelag, seier ho.

Larsen meiner spørsmålet om fylke er viktig, men at Nordmøre må sjåast under eitt.

– Dersom fylkeskartet ser veldig annleis ut i framtida, så må vi vurdere dette på eit fritt grunnlag. Då må vi vurdere det å høyre til Møre og Romsdal opp mot det å høyre til ein større trøndelagsregion, seier han.