Hopp til innhold

Leikar med livet i jakta på draumebiletet: – Det kan vere det siste du gjer

Jakta på det optimale sommarbiletet har tatt heilt av fleire stader. I Geiranger klatrar turistar over sperringar og ut mot bratte stup. Ned til bakken er det 150 meter.

Turistar går over sperringane og hoppar på kanten av Flydalsjuvet, for å få dei beste bileta.

BRYT SPERRINGANE: Turistar går over sperringane og hoppar på kanten av Flydalsjuvet. Målet er å få dei beste bileta.

– Det kan i verste fall vere det siste du gjer, eller det siste du let ungane dine gjere, seier Merete Løvoll Rønneberg.

Ho er formidlingsleiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Merete Løvoll Rønneberg

Merete Løvoll Rønneberg reagerer sterkt på åtferda til turistane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Løvoll Rønneberg er mildt sagt uroa over åtferda til mange turistar som har besøkt Geiranger denne sommaren.

Dei klatrar over sperringane på Flydalsjuvet ved Geirangerfjorden og går heilt ut til ei fjellhylle.

Der hoppar turistane opp og ned, eller klatrar ut mot kanten – for å få det optimale sommarbiletet.

Om ein fell ned er det heile 150 meter ned til bakken.

Geiranger

Ofte er det også fleire i gongen som skal fotograferast på kanten av Flydalsjuvet.

Foto: Bjarne Eldevik

Dagleg turistgalskap

Også då NRK besøkte Geiranger for å lage reportasje om det spesielle fenomenet, etter fleire tips frå lokalbefolkninga, såg vi turistar som leika seg på kanten mange gonger.

Geiranger

Å hoppe opp med begge hendene i vêret er eit av dei klassiske fotomotiva.

Foto: Bjarne Eldevik

Ein kan trygt seie at «turistgalskapen» skjer i Geiranger dagleg om sommaren.

– Slike attraksjonar blir selde på nettet via Instagram og andre sosiale medium. Målet er å gjere det same som andre har gjort – utan å tenke på kor risikofylt det kan vere, seier Merete Løvoll Rønneberg.

Mikael Larimo

Den finske turisten Mikael Larimo.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Likar spenninga

Men spenninga er ein del av «greia», meiner fleire turistar.

– Eg vart litt skremt, men eg likar spenning i kvardagen, seier den finske turisten Mikael Larimo.

– Eg såg gjerdet, men vi veit jo at vi gjer det på eigen risiko, legg Larimo til.

Geiranger

Dette har blitt eit vanleg syn ved Flydalsjuvet i Geiranger. Turistar ser kor langt dei kan kome ut på stupet, for å få tatt det optimale sommarbiletet.

Foto: Bjarne Eldevik

– Må tenke sjølve

Ifølgje Merete Løvoll Rønneberg er det så langt ikkje vurdert ekstra sikringstiltak ved Flydalsjuvet.

– Folk klatrar over gjerdet og gir blaffen. Folk må tenke sjølve. Vi kan ikkje ta frå folk ansvaret for seg sjølve, meiner Løvoll Rønneberg.

Så langt har ingen alvorlege ulykker skjedd grunna fotografering ved dette punktet i Geiranger, men ved Stigfossen i Trollstigen mista ein mann livet under fotografering tidlegare i sommar.

Også i Sogn og Fjordane og Nordland har det vore eit problem at turistane set seg sjølve i livsfare.

Geiranger

Pågangen for å få tatt foto på Flydalsjuvet er tidvis svært stor.

Foto: Bjarne Eldevik