Olav Hauso. Foto: Grete Grønningsæter.
– Ingen garanti
Det er ikkje mattilsyn-veterinærane sin jobb å drive praksis rundt om i distriktet. Det er difor ingen garanti for at desse vaktene har utstyr, medisinar eller kunnskap, seier Hauso.
Mattilsynet si veterinærvaktordning er ein beredskap med tanke på dyrevern og smittsame sjukdomar. No må dei ta imot telefonar frå bønder med akutt sjuke dyr utanom kontortida. Det er likevel ingen garanti for at bøndene dermed får hjelp.
Store avstandar
Dette vert også stadfesta av Carl Henrik Prøsch, som det siste døgnet har hatt beredskapsvakta for størstedelen av Sunnmøre. Han er likevel i ein heldig situasjon samanlikna med mange andre fordi han er ein av omlag 30 veterinærar som gjekk over frå Dyrehelsetilsynet til Mattilsynet. Difor praktiserer han dagleg som behandlande veterinær og har utstyr og medisinar.
14 kommunar
Men sjølv om Prøsch har både utstyr og medisinar i bilen skal han dekke eit området på 14 kommunar som fram til no har hatt sju dyrlegar på vakt. Og det er nettopp dei store avstandane som er bøndene sitt ankepunkt mot staten i forhandlingane om vaktavtalen.
Instruks
Prøsch som har hatt vakta det siste døgnet har kontor i Vanylven, heilt sør på Sunnmøre. Får han til dømes telefon om eit akutt tilfelle frå ein annan ende av dekningsområdet, får han vanskar. Instruksen i Mattilsynet seier då at han skal informere den som ringjer om namn, adresse og telefonnummer til praktiserande veterinærar i nærområdet til gardbrukaren.