Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot glatte vegar: – Vurder kva dekk du har og kvar du skal

Glatte vegar fører til trafikale utfordringar fleire stadar i landet. Politiet ber bilistar om å køyre forsiktig.

Brøytebil utfor veien på Fv700 Stamnan i Rennebu.

I Rennebu kommune i Trøndelag køyrde ein brøytebilførar i grøfta ved Stamnan. Føraren blei ikkje skadd i uhellet, men det var ifølge politiet glatt på staden.

Foto: John J. Storholt

Mange vakna til sludd og snø på vegane fleire stadar i landet søndag. Politiet melder om fleire utforkøyringar, og både i Møre og Romsdal og Trøndelag har bilar hamna på taket i ulykker.

Snø og glatte vegar

Slik såg det ut på Stavsengfjellet mellom Liabygda og Stordal i Møre og Romsdal søndag morgon.

Foto: Lennart Riksheim

I kommunane Stranda og Sunndal i Møre og Romsdal blei bilførarar frakta til sjukehus etter at bilane dei køyrde hamna på taket. Skadeomfanget er så langt ukjent for begge tilfella.

– I Stranda skal vegen ha vore glatt og i Sunndal var det slaps i vegbana, fortel Roar Fylling, operasjonsleiar i politiet.

Ein bilførar fekk også sleng på bilen og rulla over på taket på Berkåk i Trøndelag søndag formiddag. Sjåføren blei sjekka av ambulansepersonell på staden, men skal ha verka uskadd. Politiet trur at ulykka skuldast køyreforholda.

I 12.00-tida søndag frontkolliderte ein lastebil og ein personbil på i Rennebu kommune i Trøndelag. Det er så langt uklart kva som var årsaka til ulykka, men det skal ha vore glatt på staden.

Trailer mot personbil i Rennebu

Ein personbil og ein lastebil kolliderte i Berkåk i Rennebu kommune.

Foto: John J. Storholt

– Vurder kva dekk du har

Politiet i Møre og Romsdal åtvarar bilistar mot glatte vegar og seier det kan vere lurt å vurdere å skifte dekk om ein skal ut å køyre i dag.

– Ta ei ekstra vurdering på kva dekk du har og kvar du skal. Spesielt om du skal opp i høgda. Men det kan også vere glatt fleire stadar i låglandet, seier Fylling.

Også politiet i Trøndelag ber bilistane om å køyre etter forholda og bruke egna dekk.

– Vi har fått fleire meldingar om snødekte og glatte vegar i store delar av fylket, opplyser dei.

Laster Twitter-innhold

Gult farevarsel

Før helga sende Meteorologisk institutt ut eit gult farevarsel for snø frå Sognefjorden til Vest-Finnmark.

– Ikkje dra på fjellet utan vinterdekk, var oppfordringa frå dei.

Laster Twitter-innhold

Fleire ulykker

I løpet av helga har det blitt meldt om ein rekke utforkøyringar og ulykker fleire stadar i landet.

I Rennebu kommune køyrde ein brøytebilførar i grøfta ved Stamnan søndag formiddag. Føraren blei ikkje skadd i uhellet, men det var ifølge politiet glatt på staden.

– Det var sørpe på vegen. Eg mista styringa og kom utanfor kanten, fortel føraren.

Fylkesveg 55.Sognefjellshytta i retning Lom

På fylkesveg 55 ved Sognefjellshytta ligg det eit godt lag med snø.

Foto: Statens vegvesen

Klokka 14.21 blei det meldt om ein bilførar som køyrde av vegen ved E6 i Drivdalen. Det var to personar i bilen, men ingen skal vere skadd, ifølgje ein innringar til politiet.

Politiet i Møre og Romsdal meldte om eit trafikkuhell på Seljeset i Sande kommune 12.45. Ein bilførarar hadde køyrd av vegen og det skal totalt ha vore tre personar i bilen. Ingen blei fysisk skadd i ulykka.

Trafikkuhell på Seljeset i Sande kommune.

Trafikkuhell på Seljeset i Sande kommune.

Foto: Tipsar

To personar kom uskadd frå ei utforkøyring på riksveg 30 i Tolga i Nord-Østerdal i Innlandet søndag formiddag. Det blei meldt om glatt og sporete på staden.

Ein bilførar køyrde i grøfta ved Veo bru i Vågå i 13.30-tida søndag. Også her var det glatt. Personen kom seg sjølv ut av bilen og skal ha vore oppegåande.

I Kirkenes rykte naudetatane ut på ei trafikkulykke på E6 ved Strømmen bru i 12.30-tida søndag. Ein bilførar hadde køyrd av vegen og blei undersøkt av lege. Det var glatt på staden og vegen var delvis stengt. Også laurdag var det ei trafikkulykke på same stad på grunn av glatt vegbane.

I Finnmark blei det også meldt om glatte vegar laurdag kveld. Der skjedde det to trafikkulykker, ein i Hammerfest og ein i Sør-Varanger. I begge ulykkene skal det ha vore glatt vegbane.

Ein bilførar køyrde av vegen på Rustvegen i Sel kommune natt til søndag Det er ikkje meldt om personskade, men politiet opplyser at det var svært glatt på staden.

Også i Vestland fylke blir det meldt om glatte vegar fleire stadar. Så langt har dette berre ført til mindre uhell.

E6 Oppdal 18. oktober 2020 kl. 11:09

Slik ser det ut på E6 i Oppdal søndag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL