Hopp til innhold

Åtvarar mot giftig avfall på sankthansbål

Brannvesenet og kommunane åtvarar mot å kaste giftig avfall på sankthansbåla, og trass mange påminningar finst det framleis dei som trur at bålet er staden å kvitte seg med avfall.

Sankthansbål i Breivika i Bodø

Brannvesenet og kommunane åtvarar mot å kaste giftig avfall på sankthansbåla. I Ålesund dumpa nokon giftig avfall der det skulle vera sankthansbål, og bålarrangørane må rydde dette vekk sjølv.

Foto: Gisle Forland / NRK

Anne Bjørdal

SKREMMANDE: Anne Bjørdal i Ålesund kommune synest det er synd og skremmande at nokon har kasta farleg avfall på staden der sankthansbålet skulle vera.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er veldig synd. Ungane bør på ingen måte få i seg røyk frå bygningsmateriale og slikt, så ein må rett og slett sørgje for å byggje reine bål, seier avdelingsleiar Anne Bjørdal i Ålesund kommune.

Ho er på Voldsdalsberga i Ålesund der det tradisjonelle sankthansbålet skal lyse opp i morgon. Bålarrangørane skulle bruke eige materiale og eigne pallar til bålet, men nokon har misforstått.

– Brenning av avfall på ope bål er det slutt på. Det er ikkje slik me kvittar oss med avfall no til dags, seier Bjørdal.

  • Sjå TV-saka nedst i artikkelen.

Dumpa avfall med giftige stoff

Lapp på plassen der sankthansbålet skal vera

KASTA AVFALL: Trass skilt om at det skulle brukast eigne pallar på sankthansbålet, så har nokon dumpa avfall på staden.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Reglane for bålbrenning er ikkje nye av året, men årlege påminningar, for eksempel ved sankthanstider, ser det ut til å vera noko som trengst.

I Ålesund har uvedkommande tatt seg fridom til å dumpe gamal innreiing og giftig avfall på bålplassen der familiane skal samlast.

– Når du grev nedi her, så finn du mykje rart. Eg synest det verste er at me finn materiale som er trykkimpregnert, seier Bjørdal.

– Det er skremmande, for slikt materiale får ei veldig giftig oske som rett og slett er dødeleg om du får i deg ein bra dose, seier ho.

Må sortere materialet

Møblar som er dumpa på bålplassen

FORBODE: Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel. Her har nokon dumpa møblar på sankthansbålet i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Før bålet kan tennast på sankthans må bålarrangørane i Ålesund rydde opp i avfallet, og må i tillegg kanskje betale for å bli kvitt det på skikkeleg vis.

– Dei byggjemateriala som me har brukt, særleg ei tid tilbake, inneheld veldig mykje giftige stoff. Måling er litt av det same, og møblar også, seier Bjørdal.

– Det inneheld masse kjemiske stoff som me ikkje vil ha i maten vår, eller i den lufta me pustar inn, så slikt skal brennast på forbrenningsanlegg der det blir reinsa, seier ho.

Sjå saka:

  • Brannvesenet og kommunane åtvarar mot å kaste giftig avfall på sankthansbåla, og trass mange påminningar finst det framleis dei som trur at bålet er staden å kvitte seg med avfall.

    SJÅ SAKA: I Ålesund har uvedkommande kasta giftig avfall der sankthansbålet skulle vera. Anne Bjørdal i Ålesund kommune synest det er skremmande.