Hopp til innhold

Åtvarar mot feller på nettet - etter svindel i Molde

Forbrukarrådet seier det er mange feller på internett, og åtvarar folk mot å delta i "gratiskonkurransar". I Molde har fleire innbyggjarar blitt lurte etter å ha deltatt i ei spørjeundersøking dei trudde skulle gje fantastiske gevinstar.

Mobiltelefon foran en dataskjerm

Forbrukarrådet meiner det er lett å bli lurt på internett, og at folk bør passe på å ikkje gje frå seg mobilnummer, kontonummer eller namn.

Foto: Colourbox.com

I "undersøkinga" blir folk bedne om å krysse av kva for kjønn dei har og kva for kontakt dei har med kommunen. Deretter blir dei lova lukrative gevinstar: ny Nokia-mobil til 19 kroner, nettbrett for 29 kroner, digitalt videokamera til 19 kroner.

Martin Skaug Halsos, Kommunikasjonsrådgiver i Forbrukerrådet

Kommunikasjonsrådgjevar Martin Skaug Halsos åtvarar folk mot å delta i 'graitskonkurransar'.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen / Forbrukerrådet

Det er ikkje kjekt å bli lurt, og som dei fleste veit er det mange feller på Internett. Vårt råd er å ikkje delta i gratiskonkurransar på nett, seier kommunikasjonsrådgjevar Martin Skaug Halsos i Forbrukarrådet.

Har gått på limpinnen

Ifølgje Molde kommune har minst to personar meldt frå at dei blitt lurt dei siste dagane, fleire skal ha ringt kommunen og fortalt at dei nesten har gått på limpinnen. Saka er no meld til politiet.

Hilde Johansen

Informasjons- og servicesjef Hilde Johansen i Molde kommune omtalar sida moldekommune.no som rein svindel.

Foto: Molde kommune

Dette er rein og skjær svindel. Ei dame fortalde at ho blei beden om å taste inn kredittkortnummeret for å få svarpremien, seier informasjons- og servicesjef Hilde Johansen i Molde kommune.

Ho seier andre har opplevd at "gratispremiane" er behefta med store tilleggskostnader som "ekspedisjonsgebyr", frakt og meir. Sjølv har ho ikkje turt å svare på "spørjeundersøkinga", og ho fryktar at mange kan ha blitt lurt utan å vere klar over det.

– Det er forkasteleg å livnær seg på ein slik måte, det er spekulativt og trist, seier Johansen.

Svarar ikkje på telefon

Svindel av Molde kommune

Slik ser 'spørjeundersøkinga' ut på nettstaden.

Foto: skjermdump

Moldekommune.no er registrert på ein Johnny Johannessen i Oslo og firmaet "Matvenner", men han svarar ikkje på den oppgitte telefonen.

I tillegg til å melde saka til politiet, har Molde kommune også klaga til til Domeneklagenemnda, som behandlar tvistesaker om rettane til norske domenenamn. Men lite tyder på at der er særleg mykje hjelp å hente.

I retningslinene heiter det at klagefristen er tre år frå domenet er registrert, og moldekommune.no blei registrert hausten 2011. Fristen er dermed ute. Dermed kan rettslege steg vere einaste utveg for å stoppe identitetstjuveriet.

Ber mannen fjerne innhaldet

Molde kommune har no sendt eit rekommandert brev til mannen bak nettstaden, og ber han om å fjerne innhaldet og seie frå seg retten til domenet.

Dette er først og fremst beklageleg overfor dei som er blitt lurte, men vi ønskjer heller ikkje å framstå slik, seier Johansen.