I løpet av fredagen har personane frå Molde blitt innlagt etter at dei vart sjuke av eit narkotisk stoff. Dei tre skal vere i ung alder, men over 18 år.
– Det er openbart at det ikkje er det stoffet dei trudde, seier operasjonsleiar Styrkar Gagnat ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Etter dei opplysningane han har, trudde dei tre at dei tok amfetamin. Politiet går no ut og åtvarar mot stoffet. Dei fryktar at fleire kan bli sjuke.
– Det er grunn til å frykte at dette kan ramme fleire, seier Gagnat.
Han tvilar på at politiet vil finne ut kva narkotisk stoff det er i løpet av helga. Politiet driv no taktisk etterforsking der dei samlar inn mest mogleg informasjon.
AMK-sentralen i Molde vil ikkje seie noko om tilstanden til dei tre.