Åtvarar mot farleg leik blant unge

Kommuneoverlege i Molde, Cato Innerdal, åtvarar mot leik der born og unge påfører seg sjølv blodtrykksfall eller stenger av lufttilførselen til kvarandre. Han har høyrt om fleire tilfelle av slik leik og ber no lærarar, foreldre og andre om å snakke med borna om dette. – Dette gir høg risiko for alvorlege konsekvensar, åtvarar Innerdal i ei pressemelding.

Cato Innerdal
Foto: Gunnar Sandvik