Hopp til innhold

Åtvarar mot å fjerne rotvelt på eiga hand

Etter ekstremvêret Tor ligg det velta tre i hopetal. Sjølv om trea ikkje ser farlege ut, er det å rydde opp etter rotvelt noko av det farlegaste folk kan gjere med motorsag.

Seljetreet på Rød

Det var sterke krefter i sving under ekstremvêret Tor.

Foto: Kjell Stian Brunes

Ekstremvêret Tor røska med seg hustak, garasjar og ikkje minst tre.Måndag har mannskap frå Ålesund kommune vore ute og rydda skog. Driftssjef i Ålesund kommune, Martin Hessen, åtvarar folk utan erfaring mot å rydde opp etter større rotvelt på eiga hand.

– Trea kan stå i spenn og vere vikla inn i kvarandre. Dersom du tar ein rotvelt på feil måte, kan du vere uheldig og få den over deg, seier Hessen.

Martin Hessen

Martin Hessen er driftssjef i Ålesund kommune. Hans avdeling er i full gang med opprydding etter uveret.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Lumsk rotvelt

Mannskapet som ryddar opp etter orkanen fredag, er godt trent. Mykje takka vere uveret Dagmar i 2011, som øydela skog for 100 millionar kroner. Det gjeld å lese situasjonen og ta treet på riktig måte.

– Ein rotvelt er lumsk. Du kan sage den ned og den står. Og så kan den plutseleg etter nokre dagar klappe ned, seier Hessen. Han meiner at å hogge stormfelte tre er det farlegaste ein kan gjere med ei motorsag.

LES OGSÅ:

Som sommardekk på vinterføre

Ingebrigt Landsem

Ingebrigt Landsem åtvarar folk mot å rydde opp falne tre etter orkanen på eiga hand.

Foto: privat

Kvart einaste år er det dødsfall og alvorlege skadar i forbindelse med vindfallshogst.

Ingebrigt Landsem frå Rindal held kurs for skogsarbeidarar og lærer dei korleis dei skal rydde etter uver på ein trygg måte.

– Det er livsfarleg arbeid. Utan erfaring er det mykje uføresett som kan skje. Stokken kan slå deg i hel, seier Landsem. Han ber privatfolk om å ikkje sette i gang opprydding etter uveret på eiga hand, men kontakte fagfolk.

Han skildrar rydding av rotvelt som ein hasardiøs jobb.

– Utan kunnskap er det som å køyre bil på vinterstid med sommardekk, seier Landsem.

Naustet er knust av eit tre
Foto: Privat: Jan Tore Flovikholm