Ekstremvêret Tor røska med seg hustak, garasjar og ikkje minst tre.Måndag har mannskap frå Ålesund kommune vore ute og rydda skog. Driftssjef i Ålesund kommune, Martin Hessen, åtvarar folk utan erfaring mot å rydde opp etter større rotvelt på eiga hand.
– Trea kan stå i spenn og vere vikla inn i kvarandre. Dersom du tar ein rotvelt på feil måte, kan du vere uheldig og få den over deg, seier Hessen.
Lumsk rotvelt
Mannskapet som ryddar opp etter orkanen fredag, er godt trent. Mykje takka vere uveret Dagmar i 2011, som øydela skog for 100 millionar kroner. Det gjeld å lese situasjonen og ta treet på riktig måte.
– Ein rotvelt er lumsk. Du kan sage den ned og den står. Og så kan den plutseleg etter nokre dagar klappe ned, seier Hessen. Han meiner at å hogge stormfelte tre er det farlegaste ein kan gjere med ei motorsag.
LES OGSÅ:
Som sommardekk på vinterføre
Kvart einaste år er det dødsfall og alvorlege skadar i forbindelse med vindfallshogst.
Ingebrigt Landsem frå Rindal held kurs for skogsarbeidarar og lærer dei korleis dei skal rydde etter uver på ein trygg måte.
– Det er livsfarleg arbeid. Utan erfaring er det mykje uføresett som kan skje. Stokken kan slå deg i hel, seier Landsem. Han ber privatfolk om å ikkje sette i gang opprydding etter uveret på eiga hand, men kontakte fagfolk.
Han skildrar rydding av rotvelt som ein hasardiøs jobb.
– Utan kunnskap er det som å køyre bil på vinterstid med sommardekk, seier Landsem.