Hopp til innhold

Åtvarar mot å bruke Facebook for å få råd om rasfarlege fjell

Topptur på fjellet har blitt den nye folkesporten og mange brukar Facebookgrupper for å spørje om kvar det er trygt å gå i påska. – Ikkje stol på andre enn deg sjølv, seier skredekspert.

Overøyestolen

Det fristar å gå på topptur i påska, sjølv om det er betydeleg fare for snøskred i store delar av landet. .

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

I store delar av landet er det betydeleg fare for snøskred, men det hindrar ikkje folk i å legge ut på topptur. Det er vanskeleg å vite kvar det er trygt å gå, og mange brukar difor sosiale medium for å få råd.

«Er Kolåstinden trygg i påska, til tross for rasfare? Hvilken rute anbefales?», er det ein som spør i gruppa Toppturer Nordvest med over 20.000 medlemmar. I Lofoten er dei ein annan som lurer på det er Jey or ney til å gå på Geitgaljartinden med rasfare 3.

Ingen garanti

Tommy Skårholen, Emma Barfod, Espen Biseth Granan.

Tommy Skårholen ved snøskredvarslinga seier at det ikkje gir nokon garanti å spørje folk om skredfare i sosiale medium.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Tommy Skårholen i snøskredvarslinga Varsom.no seier det er kvar og ein som har ansvar for at det skal gå bra på tur. Å spørje framande på Facebook gir ingen garanti, seier Skårholen.

– Slik tilhøva er no må du gjere dine eigne vurderingar. Finn skredproblemet og ta gode avgjerder sjølv, seier Skårholen.

Han vurderer situasjonen i fjellet som krevande. Den siste tida har det gått mange naturleg utløyste skred og mange høyrer drønn i snøen, som er eit faresignal.

No ligg det an til at snødekket frys igjen og snøen som ligg over dei svake laga bitt seg saman. Dermed gir ikkje dei svake snølaga frå seg vande faresignal, og folk kan få inntrykk av at det er trygt å ferdast i området.

Kirketaket i Rauma

Laurdag var Georg Nikolai Johnsen vitne til at det gjekk eit stort skred over spora der tre skiløparar akkurat hadde gått i Rauma.

Foto: Georg Nikolai Johnsen

Råda er eit supplement

Georg Nikolai Johnsen frå Molde er ein av dei som brukar toppturgruppe på Facebook. Både for å legge ut bilete og spørje andre om tips til fjellturar.

– Eg meiner slike grupper kan vere eit supplement til kunnskapen du skaffar sjølv. Det er jo forståeleg at folk som er ukjende i eit område, spør om råd, seier Johnsen. Han meiner at når det gjeld skredfare bør ein ikkje stole blindt på råda ein får frå framande på Facebook, men i tillegg fylgje med på skredvarslinga og gjere eigne vurderingar.

Spørsmål om rasfare på Facebook
Foto: skjermdump frå Facebook

Risiko å spør ukjende

Johannes Wahlström

Johannes Wahlström meiner at det er risikabelt å stole på svaret framande folk gir deg på Facebook.

Foto: privat

Johannes Wahlström er også medlem i gruppa Toppturer i Nordvest. Han er kritisk til alle spørsmåla frå folk som lurer på om ulike fjelltoppar er trygge å gå på. Han meiner det er risikabelt å spørje framande folk om råd i sosiale medium.

– Ein veit ikkje kva slags kunnskapsgrunnlag folk har, eller om dei faktisk har vore på plassen og observert forholda, seier Wahlström. Han meiner skredfaren må vurderast ute på staden med observasjonar, i tillegg til data om ver og vind.

– Det er sjølvsagt lov å stille andre spørsmål, men det kan ikkje vere einaste vurderinga du gjer før topptur, seier Wahlström.