NRK Meny
Normal

Åtvarar mot «henna-tatovering» etter aggressivt utslett

Kimy Hjemaas Fagermo åtvarar foreldre mot å la ungane få dei populære «henna-tatoveringane». Hos dottera Inez (8) førte det til eit aggressivt utslett, som berre har blitt verre.

Raudt utslett med byllar etter "henna-tatovering"

Overarma til Inez Hjemaas Fagermo (8) er dekt med utslett og byllar etter «henna-tatoveringa» i Tyrkia.

Foto: privat

«Henna-tatoveringa» skulle vere eit artig ferieminne for Inez Hjemaas Fagermo (8) under Tyrkia-turen for to og ei halv veke sidan. På det verste var overkroppen, ryggen, brystet, begge armane og ansiktet dekte med raudt utslett og byllar. Sjølve «tatoveringa» har hovna opp.

– Enten må dei vere stokk dumme eller så gir dei faen fordi dei skal tene pengar på det, seier Kimy Hjemaas Fagermo.

Les også:

Åtvarar mot dei svarte «tatoveringane»

Kimy Hjemaas Fagermo

Trebarnsmora Kimy Hjemaas Fagermo i Ålesund åtvarar andre foreldre mot å la ungane få '«henna-tatoveringar» i utlandet.

Foto: privat

Ho åtvarar no andre foreldre mot å la ungane få dei populære «henna-tatoveringane» på ferietur. Ho meiner det omstridde stoffet PPD (paraphenylenediamine), er det store problemet.

– Det er ganske mange som lar ungane sine få lov til dette, fordi det skal vere litt artig. Men «tatoveringa» kan altså gje varige plager, seier Fagermo.

Får støtte hos ekspertane

"Henna-tatovering" har gitt utslett på overkroppen

«Tatoveringa» og huda rundt etter ei veke.

Foto: privat

Og trebarnsmora frå Ålesund får støtte hos ekspertane. Mattilsynet i Noreg åtvarar folk mot å unngå slike "tatoveringar" nettopp fordi den svarte henna-fargen inneheld PPD. Stoffet er ulovleg i Noreg, svært skadeleg for huda og allergiframkallande. Allergiske reaksjonar kan gje plager i fleire månader fordi fargestoffet framleis sit i huda.

– Det gjekk omtrent ei veke så hovna huda rundt «tatoveringa» opp, og så fekk Inez utslett over heile overkroppen, ryggen, begge armane og ansiktet, seier Kimy Hjemaas Fagermo. Etter vel to veker blei det, ifølgje mora, endå verre.

Fryktar livsvarig allergi

Trebarnsmora seier ingen i familien har vore plaga med allergiar eller sjukdomar nokon gong. Ho fryktar at åtteåringen no er i ferd med å utvikle ein livsvarig allergi.

– Eg fryktar at ho skal bli allergisk, og at ho skal få eit evig merke på arma. Eg håper verkeleg at ho er såpass sterk av natur, at kroppen avviser allergien. Ho har aldri vore sjuk før, seier mora.

Ville aldri sagt ja

Inez Hjemaas Fagermo (8) viser fram utslett etter "henna-tatovering"

Inez Hjemaas Fagermo (8) har framleis utslett også i ansiktet, men dette har ifølgje mora blitt langt betre etter behandling med allergimedisin.

Foto: privat

Trebarnsmora seier ho aldri ville sagt ja til ei «henna-tatovering» sjølv, men at det skjedde då storesystera på 16 tok med seg veslesystera på ein liten «jentetur» etter middagen på ein restaurant.

– Ho skulle berre vere snill med systera, som hadde så lyst på ei «tatovering». Dei forgudar kvarandre, seier ho.

Prøvar med allergimedisin

Familien var fredag i kontakt med legen, som rådde dei til å gje dottera allergimedisin og smørje utslettet. Dersom dette ikkje har effekt vil dei oppsøkje legen igjen. Den åtte år gamle jenta er i god form, har ikkje feber, men likar utslettet dårleg.

– Eg syns det er skremmande at ei slik i utgangspunktet morosam, lita sak, eit artig ferieminne, kan gje varig allergi, seier ho.