NRK Meny
Normal

Mor med åtte barn har budd på flyplass i ei veke

Onsdag 12. mars vart Simret Wolbgeber og borna sendt ut frå Ulsteinvik til Frankrike. Der var styresmaktene ikkje budde på at familien var så stor. Dermed har dei 9 overnatta på flyplassen i ei heil veke.

Simret Wolbgeber

Her på flyplassen Charles de Gaulle har Simret og borna budd sidan dei vart sendt ut av Noreg. Dei søv på stolane og får mat av Røde Kors.

Foto: Privat

Her søv borna til Simret

Her søv borna til Simret på flyplassen.

Foto: Privat

I sommar kom Simret Wolbgeber til Ulstein saman med borna sine. Det minste bornet vart fødd på Sunnmøre. Kvinna er såkalla dublinar, fordi ho først vart registrert med fingeravtrykk i Frankrike før dei kom til Noreg. Onsdag førre veke vart familien henta frå Ulstein og dagen etter sendt med fly til Frankrike. Men der stod ingen klare for å ta imot småbarnsfamilien. I åtte dagar har dei sove på stolane på flyplassen Charles de Gaulle.

Fire månader gamal baby

– Å sitje så mange dagar på ein flyplass med åtte barn, er umenneskeleg. Det er opprørande, seier Ranveig Kaldhol, diakon i Ulstein.

Det yngste barnet er fire månader gamalt. Dei er andre er 2,6, 8,10,12, 14 og 15 år. Mannen hennar skal vere fengsla i heimlandet, etter det diakonen har fått opplyst.

Kaldhol prøver no å hjelpe familien frå Eritrea, som ho har hatt mykje kontakt med både gjennom barnekor og kyrkjelydsarbeid dei siste månadane.

Er for mange

– Dei spør om hjelp på flyplassen, men får til svar at Noreg ikkje hadde gitt beskjed om at det kom så mange, seier Kaldhol.

Ho er kritisk til at slikt ikkje er klarert på førehand, og synest det er feil å sende ei åttebarnsmor ut av landet, dersom det ikkje er lagt ein plan for kvar familien skal bu. Ho forstår at lova må følgjast og at kvinna ikkje har rett til opphald i Noreg.

– Folk som vert sendt ut må få ei verdig mottaking i landet dei kjem til og tak over hovudet, seier diakonen.

Får mat frå Røde Kors

Simret Wolbgeber

Sidan torsdag førre veke har familien på ni budd på flyplassen Charles de Gaulle i Frankrike.

Foto: privat

Kaldhol er i løpande kontakt med Røde Kors, og veit at dei har gitt familien mat. Ho pratar også med familien kvar dag.

– Dei har ikkje gjort noko gale. Dei har prøvd å kome seg unna eit land i kaos, seier diakonen. .

Biskopen reagerer

Også biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, engasjerer seg i saka. Ho synest det er merkeleg at norske styresmakter ikkje sikrar korleis ein barnefamilie dei sender ut, vert motteke.

– Det er uverdig å sitje på ein flyplass med eit spedbarn og sju andre barn dag inn og dag ut, seier Midttømme.

Ho meiner at Noreg har eit ansvar i saka, sidan dei skal kvalitetssikre situasjonen før dei sender asylsøkjaren tilbake til første land. Biskopen meiner også at det bør vere forskjell på retur av ein einsleg person og ein familie på åtte.

Sendast tilbake til Noreg

Midttømme forventar at norske styresmakter tar kontakt med Frankrike for å finne ei løysing.

– Dersom dei ikkje kan ta imot familien, bør kvinna og barna bli sendt tilbake til Noreg fram til ting er avklart. Det er ingenting i vegen for at Noreg kan velje å handsame søknaden hennar, sjølv om ho først vart registrert i Frankrike, seier Midttømme.

Ho meiner regjeringa må ta Dublinsamarbeidet opp til ny debatt.

– Frankrike sitt ansvar

Politiet si utlendingseining stadfestar at dei har uttransportert og overlevert ei familie på ni personar til franske myndigheiter og at familien vart akseptert av Frankrike.

Politiinspektør Geir Bang Danielsen

Avdelingsdirektør i politiet si utlendingseining, Geir Bang Danielsen stadfestar at dei har uttransportert familien.

Foto: Terje Christiansen / NRK

– Dette betyr at det no er Frankrike som har ansvar for familien etter dei pliktene franske styresmakter er bundne av gjennom Dublinsamarbeidet, seier avdelingsdirektør Geir Bang Danielsen.

Han seier at Dublinsamarbeidet regulerer blant anna kva land innan Schengen-samarbeidet som har ansvaret for å behandle ein person sin søknad om asyl.

– Føremålet er å sikre at ein asylsøkjar får sin søknad behandla. Samtidig skal ein sikre at ingen reiser frå land til land og søkjer om asyl i fleire Schengen-land, seier han.