NRK Meny

Åtte månader i fengsel

Ein mann i Kristiansund må sone åtte månader i fengsel for vald. Tidlegare i år slo mannen i 40-åra ein gjest som han kasta ut frå husværet sitt. Dagen etter, då gjesten skulle hente mobilen sin, følgde den tiltalte etter han ut i ein drosje og slo han fleire gongar i hovudet og på kroppen. Offeret fekk fleire brotskadar.