Hopp til innhold

Vakna av røyklukt og knitring

Åtte personar blei evakuert då det byrja å brenne i ein bustad i Volda natt til søndag. Småbarnsmor Kristina Myklebust opplevde det som dramatisk.

Brann i firemannsbustad i Volda natt til søndag 8.mai

Det byrja å brenne i firemannsbustaden i Volda i 04.00-tida natt til søndag.

Foto: Svein Aam / Møre-Nytt

Det var klokka 04.35 at politiet i Møre og Romsdal melde om ein brann i ein firemannsbustad i Volda. Det var opne flammar på staden og brannvesenet starta sløkkingsarbeidet raskt.

Alle dei åtte bebuarane som budde der kom seg ut av bustaden.

– Ingen av dei skal vere fysisk skadde, fortel Sindre Molnes, operasjonsleiar i politiet.

Vakna av knitrelyd

Kristina Myklebust bur i den eine bustaden saman med to barn på fire og åtte år. Ho vakna midt på natta av litt lukt og ein knitrelyd. Ho stod opp og såg flammar på lufteverandaen. Ho forstod fort at ho ikkje klarte å sløkke brannen sjølv og varsla brannvesenet. I full fart vekte ho barna og kom seg ut. Då hadde også naboane oppdaga brannen.

– Eg opplevde det som dramatisk, men heldigvis tok gutane det fint, seier Myklebust. Ho set stor pris på alle som har tilbydd å hjelpe etter brannen.

Gjorde undersøkingar

Det er så langt uklart kor store skader dei ulike leilegheitene har fått, men den eine leilegheita har fått omfattande skader i taket.

Det er for tidleg å seie kva som er årsaka til brannen. Kriminalteknikarar har i dag undersøkt staden og operasjonsleiar Sindre Molnes håper det kan kaste meir lys over kva som har skjedd.

Det blir også tatt avhøyr av bebuarane i alle leilegheitene. Saka blir etterforska vidare av politiet.

Får husrom hos andre

Dei fleste av dei åtte evakuerte har fått husrom hos vener og familie, opplyser Molnes.

I tillegg var politiet i dialog med kommunen for å ordne ein plass å bu for bebuarane i den eine leilegheita.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL