Hopp til innhold

Åtte arbeidsplassar forsvinn

Oppdrettsselskapet Salmar med 1000 tilsette i Midt-Noreg har bestemt seg for å legge ned anlegget Villasmolt AS i Moltustranda i Herøy.

Salmar sitt anlegg i Moltustranda

Salmar sitt anlegg i Moltustranda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Åtte tilsette har fått varsel om oppseiing. Selskapet meiner anlegget ikkje har svart til forventningane då dei tok over i fjor.

– Settefiskanlegget har 1,7 million smolt. Dersom dei ikkje får selt anlegget med eller utan smolt, er eitt alternativ å søke Mattilsynet om å få destruert fisken, seier konserndirektør, oppdrett, i Salmar, Olav-Andreas Ervik.

Saka held fram etter videoen.

Mattilsynet kommenterer destruksjon av smolt som er aktuelt ved anlegget til Salmar i Moltustranda.

Anne Stine Foldal Aam kommenterer destruksjon av store mengder smolt som kan verte aktuelt ved Salmar sitt anlegg i Moltustranda. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Får tilbod om jobb andre stadar i selskapet

Seksjonssjef i Mattilsynet, Anne Stine Foldal Aam, seier til NRK at når dei eventuelt får ein søknad på bordet så vert denne vurdert.

– Det er ikkje vanleg å få søknader om destruksjon av så store mengder smolt, seier ho.

– Alle dei åtte tilsette på Moltustranda har fått tilbod om jobb andre stader i selskapet, men det er ikkje på Sunnmøre, seier Ervik.

Det betyr i så fall at dei må flytte på seg eller vekependle.

Ikkje svart til forventningane

Det er berre eit års tid sidan Salmar tok over settefiskanlegget i Herøy. Ifølgje Ervik har ikkje anlegget svart til forventningane når det gjeld kapasitet og kvalitet. Dette er hovudårsaka til at dei no vel å legge ned i Moltustranda.

Salmar har sitt hovudkontor på Frøya i Trøndelag og har rundt 1000 tilsette, for det meste i Trøndelag og på Nordmøre. Men verksemda har også anlegg i Troms og Finnmark. Etter at anlegget i Herøy vert lagt ned har Salmar sju anlegg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL