Attåtnæringa berre vaks og vaks

I 15 år har det vore liv laga for Rekkedal Gjestehus. Men i starten var drivarane i tvil om det berre skulle vere ein liten hobby.

Margrethe og Bjarne Rekkedal

Margrethe og Bjarne Rekkedal angrar ikkje på at dei satsa på gjestehus.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Rekkedal Gjestehus finn du i Bondalen i Ørsta, og der finn du også ekteparet Bjarne og Margrethe Rekkedal.

– Det starta med at når vi var ute og reiste så såg vi at det gjekk an å drive med turisme også på eit gardsbruk. I tillegg til dei jobbane vi hadde så skulle gjestehuset vere ei attåt næring, men den vaks og vaks, fortel Margrethe Rekkedal.

På den tida jobba ho i bank, medan Bjarne dreiv gard i tillegg til at han hadde ei rekke styreverv. Då måtte dei ta stilling til om dei skulle halde fram med gjestehuset på si, om dei skulle halde på dei jobbane dei hadde eller om dei skulle satse for fullt på det som i dag er Rekkedal Gjestehus.

Måtte ta eit val

– Det var ei veldig vanskeleg avgjerd. Vi sat i eit lite hus i Italia og hadde krampe i fingrane for om vi skulle skrive under oppseiinga til dei trygge jobbane våre og hoppe ut i det ukjende.

Då var dei begge passert 50 år og fann ut at dei skulle kaste seg ut i det og sjå korleis det ville gå.

– Eit ordtak seier at det er først når det er litt utrygt under beina ein verkeleg lever, seier Bjarne Rekkedal om situasjonen dei var i.

Han vedgår at det har vore ei utfordring, men også ei stor glede å skape noko i si eiga heimbygd. No har dei tatt imot selskapsgjestar frå fjern og nær i 15 år, og mange har hatt bryllaup, store bursdagar og barnedåp hos Rekkedal.

– Kvalitet i alle ledd er heilt avgjerande. Så må ein ha eit miljø som gjestane opplever som spennande. Dessutan må ein ha respekt for dei som kjem hit, dei må føle at dei er hjarteleg velkomne.

Rekkedal Gjestehus

Det er mykje å halde ved llike ved Rekkedal Gjestehus.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Stafett

I tillegg til å ta vare på dei som er gjestar er det også bygningar og eigedom å passe på og ta vare på ute og inne.

– Det er som på andre gardar. Vi er med i ein stafett der målet er at tilstanden skal vere betre når du leverer pinnen vidare enn då du fekk den. Så no er dette noko heilt anna enn det har vore. Her har vore husdyr i hundrevis av år, men no har vi erstatta det med 5000 gjestar, fortel Bjarne.

Det høyrest på han at han er stolt over den rosen dei får frå eiga bygd, og ikkje så lite glad over at dei aldri har merka noko til «bygdedyret».

– Eg har aldri grudd meg til å gå i fjøs, men vi hadde vel eit mentalt overskot som gav oss lyst til å skape enda meir, undrar Bjarne.

Medverkande var det og at dei to barna ikkje ønskte å drive med mjølk og kjøt. No er dottera og svigersonen med og hjelper til med gjestehuset, i tillegg til jobbane sine.

– Konklusjonen vår var vel at anten må du utvikle deg eller så blir du avvikla.

Aldri i mål

Margrethe og Bjarne Rekkedal

Dei skiftar på å vere gass og bremse, ekteparet Margrethe og Bjarne Rekkedal.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Den siste tida har interessa for kortreiste opplevingar auka sterkt, også ved Rekkedal Gjestehus. Talet på gjestar har dobla seg siste par åra, slik at det årleg kjem omlag 5000 på besøk.

– Om vi er i mål? Livet blir kjedeleg den dagen du ikkje legg planar for morgondagen, seier Bjarne.

– Det er vel slik i eit parforhold at ein må vere brems når den andre er gass, og så møtest vi på midten når dei mest ville ideane dukkar opp. Så er det vel kvar sin gong å vere gass eller brems, smiler Margrethe.

Begge er glade for at dei våga å satse på draumen dei hadde om eit gjestehus like ved riksvegen mellom Sæbø og Ørsta.

– Når nokon tek rundt deg og takkar for opplevinga, så er det vel så viktig som det som står på kontoen.