Hopp til innhold

Atlanterhavsvegen på CNN-liste over verdas 10 beste reiseruter

Atlanterhavsvegen har igjen hamna i eksklusivt selskap. I selskap med vegstrekningar i Sør-Afrika, Peru, Alaska, Australia og Italia blir Atlanterhavsvegen framheva som ein av 10 vegar det er vel verdt å køyre. Spesielt i solnedgang.

Atlanterhavsveien

Atlanterhavsvegen er viden kjend for spektakulært ruskevêr. Men CNN anbefalar sterkt vegen i solnedgang.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det er journalistane Jade Bremner og Peter Shadbolt som har sett opp lista over dei 10 mest køyrverdige køyrerutene i verda. Og første biletet du får når du går inn på artikkelen er nettopp eit bilete av Atlanterhavsvegen i solnedgang.

Storseidundbrua

Atlanterhavsvegen er spektakulær i mange lysforhold.

Foto: Steinar Vikås

Når du køyrer denne vegen med dei mange bruene som knyter saman øyane på nordmørskysten må du bu deg på å sjå sjeldne fuglar i lufta over deg medan selar og kval sym i sjøen, kan ein lese hos CNN.

Og CNN prisar solnedgangen du kan oppleve frå Atlanterhavsvegen.

CNN nemner ganske korrekt at Atlanterhavsvegen går mellom Kristiansund og Molde, og at sterke stormar kan gjere turen ekstra intens.

Laster Twitter-innhold

CNN anbefalar også ein tur til fjellet Bremsneshatten på Averøya, og nemner spesielt ei 80 meter djup grotte i området. Den amerikanske kanalen har også fått med seg det rike høvet til sjøsport i området.

Kortreist mat er også eit satsingsområde, og CNN anbefalar ein tur innom Derinngarden på Halåsen.

Atlanterhavsvegen er sett i klasse med Milford Road, New Zealand, Amalfi kystveg i Italia, Great Ocean Road i Australia, Transfagarasanvegen i Romania, The Alcan Highway i Canada og Alaska, Jebel Hafeet i Dei sameinte arabiske emirata, Ticlio-passet i Peru, NC500 i Skottland og Route 62 i Sør-Afrika.