Idrettskonsulent i Kristiansund, Georg Hammer, seier avgjerda ikkje kjem overraskande. Han håpar kommunen set av pengar til å ruste opp anlegget i løpet av dei neste åra.
Held ikkje mål
Atlanten stadion er Kristiansund sitt dårlege samvit. Idrettsplassen er tydeleg nedsliten etter mange år utan naudsynt vedlikehald. No har altså friidrettsforbundet fått nok, og forbyr organiserte stemne og arrangement fordi bana ikke held mål og kan vere direkte farleg å bruke.
Forkastningar
Bana går i bølgjer bortover, seier Hammer. Forkasningane er så store at friidrettsdekket har sprukke opp, slik at det er umogeleg å arrangere friidrettsstemne der.
Pinleg
Alt for sju år sidan gav friidrettsforbundet beskjed til kommunen om at bana måtte reparerast. Men lite har skjedd, og det er pengar det står i. Det er litt pinleg for Kristiansund som fleire gongar har blitt kåra til årets idrettskommune i Møre og Romsdal å ikkje ha eit skikkeleg friidrettsanlegg, men det blir jobba med saka, seier kommunen.