Hopp til innhold

Hadde matfest i samarbeid med asylmottak

Barneskulen i Ulsteinvik samarbeider med asylmottaket i bygda, og i miljøveka som skulen har, fekk elevane smake på matrettar frå mange forskjellige land.

Barneskulen i Ulsteinvik samarbeider med asylmottaket i bygda, og i miljøveka som skulen har, fekk elevane smake på matrettar frå mange forskjellige land.

Matfest i samarbeid med asylmottak, vart tatt vel i mot av elevane ved Ulstein barneskule.

Praten summar og går for elevane som får smake mat frå heile verda. Alt skal prøvast, for på barneskulen i Ulsteinvik er det mange gode rettar på bordet når foreldra til asylsøkjarborna byr på maten dei har laga.

– Dette er kjempegodt, bryt ein elev ut.

– Kva er eigentleg dette, spør ein annan og peikar på det han har fått på tallerkenen.

Dei set pris på maten, og forsyner seg ivrig av koldtbordet.

– Det var veldig godt, seier ei, og venninna nikkar bekreftande.

Med rettar frå mange forskjellige land så er det mykje nytt å prøve, og det smakar ikkje heilt slik som det dei er vane med.

– Det smakar ganske annleis, men denne smakar mest bolle då, seier ei og peikar på tallerkenen sin.

Vane med mat frå andre land

Zerlina Fonseca

Zerlina Fonseca er vane med mat som ikkje er typisk norsk.

Foto: Arne Flatin / NRK
Kjell Lunde

Kjell Lunde seier han trur samarbeidet er ein viktig del av å bli integrert i Ulsteinvik.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sjølv om det for mange av elevane var mange nye smakar på skulen denne dagen, så har nokre av elevane alt fått i seg andre rettar enn typisk norske måltid.

– Mora mi kjem frå Nederland, så eg er vane med å ete litt anna mat òg, seier Zerlina Fonseca.

At foreldre til asylsøkjarborn lagar mat til elevane under miljøveka ved skulen er noko som vart prøvd i fjor òg. Det vart stor suksess, og difor var det rom for å gjere det same i år.

– Det er veldig kjekt, og me er så imponerte over desse folka som kjem til oss og gjer ein kjempeinnsats for at me skal få oppleve dette, seier Eldar Husøy som er lærar ved Ulsteinvik barneskule.

Han seier nokre elevar er veldig modige, og at andre er ganske forsiktige.

– Det tykkjer eg i grunnen er fint, at dei ikkje forsyner seg meir enn det dei klarar å ete, legg Husøy til.

Godt samarbeid med asylmottaket

Prosjektet har bakgrunn i eit godt samarbeid med asylmottaket, og målet er å finne nokre felles opplevingar som kan tene både dei og skulen.

– Me opplever at dette er ein viktig del av å bli integrert i Ulstein-samfunnet, seier Kjell Lunde som er inspektør ved Ulstein barneskule.

Med både små og store born som fekk forsyne seg rikeleg, så vart maten sett pris på, for til slutt låg berre nokre riskorn att på langborda.