Problemet veks
Solberg seier hovudtyngda av dei som er tatt for nasking i butikken hans etter jul er asylsøkarar.
Dette er eit veksande problem, meiner han. Berre den siste veka er fire personar frå asylmottaket på Vigra blitt tatt for nasking ved COOP Obs.
Manglar legitimasjon
Det er og eit problem at mange av asylsøkarane ikkje kan legitimere seg, meiner Solberg. Over halvparten av dei som blir tatt, har ikkje papir. Det fører til at butikkeigarane må ringe politiet for å få hjelp. Solberg seier at politiet har vore til stor hjelp.
Både Solberg og senterleiinga på Stormoa har vore i kontakt med leiinga ved asylmottaket for å forklare problemet.
Butikkeigarane blir no varsla når bussen med asylsøkarar er på veg til Moa. Når varselet frå asylmottaket kjem, blir beredskapen skjerpa kraftig.
Krev ei løysing
Det verste ved denne situasjonen er at alle asylsøkarane blir skore under same kammen, seier Solberg. Han understrekar at det er eit mindretal som naskar i butikkane, men problemet er stort. Det er innlysande at noko må gjerast, seier Solberg.