NRK Meny
Normal

Asylmottak i Ålesund

Det blir asylmottak i Ålesund. Det har Utlendingsdirektoratet bestemt.

Formannskapet i Ålesund vart ikkje høyrt. No vil UDI ha asylmottak i Ålesund.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Eit knapt fleirtal i formannskapet ønskjer ikkje eit asylmottak til Ålesund, men kommunen er ikkje høyringsinstans og har heller ikkje vetorett.

Regiondirektør i UDI, Lars Steinar Hansen
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Har registrert motstanden

Staten har nokre internasjonale forpliktingar å ivareta når det gjeld innkvartering av asylsøkjerar, og me har eit stort behov for plassane, fortel regiondirektør i UDI Midt-Norge, Lars Steinar Hansen.

- Då kom me til denne slutninga, sjølv om me har registrert at Formannnskapet i Ålesund var i mot med 7 mot 6 stemmer, legg han til.

Inntil 150 plassar

- Dette blir eit såkalla desentralisert mottak, og då vil det vere snakk om innkvartering av asylsøkjerane i ordinære bustader rundt om i kommunen, fortel Hansen.

Det er selskapet Hero som får opprette asylmottaket, som kan ha inntil 150 asylsøkjerar buande.