NRK Meny
Normal

Astrid Eidsvik: - Oppfatta klart signal frå Høie

Den tidlegare sjukehusdirektøren, Astrid Eidsvik, seier til NRK søndag ettermiddat at ho oppfatta den omstridde e-posten som eit klart signal frå helseministeren. Men ho seier det ikkje var grunnen til at ho gjekk av.

Astrid Eidsvik

Tidlegare direktør Astrid Eidsvik seier ho oppfatta den omstridde e-posten som eit klart signal frå helseministeren.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Til NRK seier Astrid Eidsvik søndag ettermiddag at ho uansett hadde bestemt seg for å gå av, og at e-posten ikkje var grunnen til at ho uventa gjekk av 4. desember.

Grunngjevinga var at Helse Midt-Noreg hadde gripe inn i saka på ein uakseptabel måte.

Omstridd e-post

Søndag formiddag blei det kjent at ein e-post skal ha gitt signal om at helseminister Bent Høie ønskte eit nytt sjukehus i Møre og Romsdal plassert i Molde. Høie sjølv avviser innhaldet i eposten, og seier han ikkje har gitt noko slikt signal. Og mannen bak e-posten, styreleiaren i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, har i ettertid trekt tilbake innhaldet.

– I den e-posten tillegg eg Høie at han gir meg signal som er sterkare enn eg hadde grunnlag for. Dermed er det viktig for meg å seie at Høie ikkje gav noko som kunne oppfattast som styringssignal, men berre blei kort-kort orientert om at eg ønskte å gå for Oppdøl, sa Kinserdal til NRK søndag ettermiddag.

Ber om at vedtaket blir vurdert på nytt

Den omstridde e-posten er likevel ein av hovudgrunnane til at nordmørsordførarane no ber nye juristar om å vurdere konklusjonen om at vedtaket i sjukehussak ikkje er ugyldig.

Søndag formiddag blei det lagt fram ein rapport på eit ekstraordinært styremøte i Helse Møre og Romsdal som konkluderte slik. Advokatfirmaet Thommessen har vurdert saka på oppdrag frå Helse Møre og Romsdal.