Hopp til innhold

I forkledning oppdaga ho hjartevarmen i hovudstaden

Som NRK-journalist gjekk ho i forkledning og leitte etter hjartevarmen. Sjølv vart ho overraska over all hjelp og varmen ho fann. – Inst inne ønskjer alle å hjelpe nokon som treng det, seier ho.

Åshild Ulstrup

Åshild Ulstrup er kjend for sosialreportasjane og dei nære menneskeskildringane i NRK radio. Ved fleire høve overraska hjartevarmen henne.

Foto: Mikalsen, Helge / VG

Med skjult mikrofon og i forkledning ville ho teste fordommane til folk. Ho ville sjå korleis dei reagerte i møte med hjelpeløyse, fattigdom og naud. Utkledd som fattig kone med to slitne bereposar gjekk ho blant anna inn på ærverdige, gamle Grand Hotell i Oslo for å drikke raudvin blant dei velståande.

Ho var spent på korleis ho kom til å bli motteken på den eksklusive restauranten med dei stramme, kvite dukane på borda.

Eg kom som ei gamal, fattig kone. Men eg vart så fint behandla. Eg vart mest forskrekka, fortel Åshild Ulstrup når ho tenkjer tilbake på tida ho arbeidde som journalist i forkledning.

– Testa det norske hjartelaget

Åshild Ulstrup arbeidde i NRK i 40 år. Ho er mest kjend for dei nære skildringane av menneske og for sosialreportasjane. Desse gjekk på lufta i program som «Sånn er livet», «På livet laus» og i «Middagsstunden».

Ho ville ikkje berre ha ein teoretisk avstand til samfunnstilhøva ho dreiv journalistikk på. Ho ville rett inn i situasjonane. Då var det ikkje alltid mogleg å stå fram ope som journalist. Ho fekk blant anna god hjelp av sminkørane og kostymeavdelinga i NRK.

– Eg ville teste det norske hjartelaget. Spesielt i Oslo, fortel ho.

Ulstrup faximile

Det har til no vore vanskeleg å finne bilete frå episoden der Åshild Ulstrup forkledde seg som gamal kvinne. Her er imidlertid ein faksimile frå ei papiravis frå den gongen. Begge kvinnene på biletet er Åshild Ulstrup.

Foto: Scan frå papiravis / Ukjend

– Eg vart imponert

Fleire gonger overraska resultatet henne sjølv. Utgangspunktet kunne vere ein hypotese om at vi hadde fått eit kaldare samfunn, at egoismen var i ferd med å erstatte omtanken og at hjartelag og godheit var på veg ut.

Men i opptakssituasjonen viste det set at det faktisk VAR hjelp å få. Over alt møtte ho hjelpsame menneske.

– Eg vart imponert over den hjelpa som møtte meg, då eg gjekk rundt som gamal kone, fortel ho.

Her kan du høyre korleis Åshild Ulstrup testa om det var hjelp å få. Og det var det verkeleg. Høyr situasjonane ho kjem opp i, når ho forklarar at ho er pengelens og har gløymt veska, men MÅ besøkje mor si på Vestlandet.

– Dei var så søte og snille

Ho ville altså finne ut korleis det var å gå som ei gamal kone rundt omkring i Oslo. Ho besøkte butikkar i hovudstaden, og ville finne ut korleis folk i Oslo såg på ei kvinne godt oppe i åra. Ho tok på seg ein gamal krøllete kjole. Nylonstrømpene hadde sett sine beste dagar. Ho gjorde håret rufsete, og kostymeavdelinga i NRK måla tennene svarte.

– Eg spelte at eg var 70 år gamal og hadde akkurat fått minstepensjon. I denne rolla hadde eg vore vaskekjerring i heile mitt liv. Ryggen min var lut, og eg gjekk verkeleg inn i rolla, fortel ho.

– Viste hjartevarme

Utkledd slik gjekk ho ut i Oslo by og ville be om hjelp. Ho byrja i ein kristeleg bokhandel. Ho ville utfordre kristenheita.

Eg fortalde at eg endeleg hadde fått litt pengar. Endeleg ville eg byrje å lese, for eg hadde høyrt at litteraturen kunne skape noko i oss. Ein ung, søt gut arbeidde i butikken. Og han ville verkeleg hjelpe meg. Han fortalde om dei store klassikarane, og han var kjempesøt mot meg, smilar Åshild Ulstrup når ho tenkjer tilbake på denne episoden.

Den unge ekspeditøren viste ein hjartevarme overfor den gamle kvinna ut over det ein kanskje kan vente av ein travel butikktilsett.

– Eg skulle få bøkene billeg. Han prata med meg til eg tykte eg hadde fått nok. Og han følgde meg til og med ut på gata, seier Ulstrup med eit smil.

På livet laus

Åshild Ulstrup er mellom anna kjend for dei nære personskildringane. Her intervjuar ho den norske songaren Nora Brockstedt.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Ein journalistisk arbeidsmetode

I mange samanhengar blei dette ein slags arbeidsmetode for Åshild Ulstrup. Med skjult mikrofon i paraplyen fanga ho episodar og fekk skildra samfunnstilhøve som ikkje er like lett vise når ein står ope fram som journalist.

Men alle involverte blei nøye informerte etter kvart om at ho var NRK-journalist, og at ho samla saman stoff til eit radioprogram.

Slik var det også då ho sommaren 1991 ville teste om det var mogleg å reise frå Oslo til Vestlandet utan pengar. Her laga ho ein situasjon der ho liksom hadde gløymt veska si i bilen til mannen sin, samstundes som ho MÅTTE reise til mor si på Vestlandet som fylte 80 år.

Utstyrt med mikrofon i paraplyen byrjar ho på Sentralbanestasjonen i Oslo. Her viser det seg at ho både får billett og anna hjelp. På toget tilbyr ein medpassasjer henne pengar. Ei kvinne byr henne til og med på brød og kaffi. Ein tilsett i ein fruktbutikk tilbyr henne til og med heile fire bananar. Alt dette av rein hjartevarme.

– Visste ikkje kva godt dei skulle gjere

Utkledd og med skjult mikrofon testa Åshild Ulstrup hjartelaget både i ein undertøysbutikk og i klesforretning.

Eg sto der med dei rakna sokkane og dei stygge tennene. Men dei var så søte. Dei gav meg eit skjørt som var skikkeleg fint. Og eg fekk ein kjempefin bluse. Dei visste nesten ikkje kva godt dei kunne gjere for denne gamle kona.

– Var du forundra over at du møtte denne hjartevarmen?

Ja, du kan skjøne det. Utgangspunktet mitt var at eg skulle avsløre det klassedelte samfunnet. Men eg blei så godt motteken. Eg hadde ikkje blitt motteken betre om eg hadde kome i den flottaste pelskåpa, fortel den undersøkjande journalisten.