Hopp til innhold

Wenche kjøpte hytte for å sleppe unna stanken frå naboen

I mange år har bebuarar i Kristiansund hevda at industrilukta som sig over fjorden har vore til plage. Wenche Schanzenbecher «flyktar» til nabokommunen når det blir ille.

Wenche Schanzenbecher på hytta.

Wenche Schanzenbecher orkar ikkje å vere i byen når lukta står på. Då «flyktar» ho og mannen heller til hytta i nabokommunen.

Foto: Privat

I om lag fem år har innbyggarane i Kristiansund kjent på ein skarp lukt frå eit industriområde utanfor byen. Berre i år har kommunen fått inn over 400 klagar.

Luktmåler i Kristiansund. I forhold til Husøya-saka.

Kommunen har plassert ut luftmålarar etter å ha fått hundrevis av klagar. Kommuneoverlege Kai Grimstad slår fast at lukta skjemmer bumiljøet i mange bydelar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei fleste er knytt til asfaltverket til Veidekke Industri på Husøya.

Før pandemien kjøpte Wenche Schanzenbecher og mannen ei hytte i nabokommunen for å sleppe unna lukta. Ho seier den fører til kvalm, hovudpine, sår hals og svie i auga.

– Det er som ein kraftig dieselaktig lukt som slår imot deg. Eg tør nesten ikkje å ligge med ope vindauge, for ein veit aldri når lukta kjem, fortel Schanzenbecher.

Ifølgje bebuarar var det frå 2016 at lukta begynte å bli eit problem i byen. No er fleire metta av frustrasjon over at situasjonen varer.

– Vi orkar ikkje å vere heime når det er austavind og vindstille. Ein får den kjensla at vi er fanga i eigen heim, seier Schanzenbecher.

Veidekke sitt asfaltverk på Husøya i Kristiansund.

Anlegget til Veidekke industri på Husøya i Kristiansund. I bakgrunnen ser ein bydelane Innlandet og Nordlandet. På bildet tatt måndag er ingenting enno bygd av det som skal avgrense lukta.

Foto: Eirik Haukenes / NRK luftfoto

Risikerer millionbot

Etter eit tilsyn i november i fjor, skulle Veidekke industri lage ein plan for korleis få ned forureininga innan 31. oktober i år. Det trur Statsforvaltareren i Møre og Romsdal er urealistisk no.

Denne veka sende dei eit varsel til Veidekke. Dersom dei ikkje har bygd om anlegget sitt innan 1. februar 2022, må dei betale 1.500.000 kroner.

– Det er alvorleg at Veidekke har hatt eit luktutslepp i lang tid, og det må rettast opp. Det er ein betydeleg del av innbyggarane i Kristiansund opplever ubehag, seier Christian Dahl hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Målte utslipp fra Veidekke Industri i Kristiansund i 2019.

Grafikken viser utrekna bidragskonsentrasjon ved konstant utslepp. Industriområdet på Husøya ligg i sør, mens sjølve byen ligg rett over fjorden. «Ein må kunne anta at det ved drift ved asfaltverket vil vere lukt i området», skriv Sintef Norlab i rapporten frå 2020.

Grafikk: Sintef Norlab

Lei av å vente

På øya Innlandet står nokre av dei råka bebuarane og diskuterer kor saka står no. Rett over fjorden kan ein sjå anlegga på Husøya. Dei har engasjert seg i opptil fem år for at situasjonen skal bli betre.

– Om kveldane går lukta inn her, ned i krypkjellaren og kjem opp i soveromma til ungane. Då stankar det olje og gass, det er heilt tragisk, seier Johnny Bakken.

Berørte beboere av luktplager i Kristiansund. Her på Innlandet.

Råka bebuarar. Johnny Bakken (til venstre) fortel at ungane hans vakna og gret natta før fordi lukta var så vond.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dei tre bebuarrepresentantane har lite tru på at situasjonen blir betre, sjølv om kommunen gjer nye målingar og Veidekke blir truga med bot.

– Kvar gong dei får ein frist blir det overstige, og ingenting skjer. Det er veldig synd, seier Bakken.

Veidekke industri på Husøya i Kristiansund

Asfaltverket til Veidekke Industri på Husøya. Dei har produksjonspause i vintermånadene.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Veidekke seier dei jobbar med å få ned utsleppa for å oppfylle konsesjonen deira. Dei svarar at dei har full forståing for at nokre er kritiske til om dei klarer neste frist.

– Det hjelper ikkje kva vi seier, men kva vi gjer. Vi må få ned utsleppa våre for å gjenskape tillit, seier kommunikasjonssjef i Veidekke Industri, Helge Dieset.