Hopp til innhold

Asbjørg (93) rosar dei tilsette etter brannen tysdag

Asbjørg Lied (93) var aldri i tvil om at ho kom til å bli berga ut, då det begynte å brenne på Volda omsorgssenter tysdag kveld. No takkar ho dei tilsette.

Asbjørg Lied

Asbjørg Lied har sjølv vore nattevakt, og syns dei tilsette ved Volda omsorgssenter reagerte raskt då det begynte å brenne tysdag kveld.

Foto: Arne Flatin / NRK

Asbjørg Lied var ei av dei som måtte evakuerast i hui og hast tysdag kveld, då det begynte å brenne på Volda omsorgssenter. I løpet av nokre minutt var både ho og om lag 80 andre bebuarar ute av romma sine, og samle i fellesareala.

– Det var heilt fantastisk. Eg har sjølv vore nattevakt og vore åleine på hus der eg har måtte takle slike bråe brannalarmar. Eg syns dei er flinke. Eg kjende meg heile trygg i går, seier ho dagen etter.

Les også:

Starta medan mange sov

Vegard Batts

Teamleiar Vegard Batts seier det gjekk raskt å evakuere dei som bur på Volda omsorgssenter sidan dei var midt i eit vaktskifte.

Foto: Ellen Fredriksen / NRK

Brannen starta i ein kompressor på teknisk rom på omsorgssenteret like før klokka 23 tysdag kveld, og dei aller fleste av bebuarane hadde gått til ro då alarmen gjekk. I løpet av nokre få minutt var alle ute av romma, og klare til å evakuere heilt ut av huset. Det blei ikkje nødvendig, sidan brannen raskt blei sløkt.

Sidan dei tilsette var midt i eit vaktskifte, gjekk evakueringa svært raskt.

– Det er første gongen vi opplever dette, eg opplevde det ikkje dramatisk. Brannvakta kom ganske fort, og gjekk inn med røykdykkarar, seier teamleiar Vegard Bats.

Vil lære av brannen

Jørgen Amdam

Ordførar Jørgen Amdam seier dei vil lære av erfaringane med brannen tysdag kveld. Han fekk seg ein skikkeleg støkk då han fekk brannmeldinga.

Foto: Bård Siem / NRK

Ordførar Jørgen Amdam fekk seint tysdag kveld beskjed om brannen, og seier han reagerte sterkt. Ein storbrann blant så mange sjuke og eldre kunne vore fatalt.

– Det var nesten eit sjokk då eg fekk beskjeden om at det var brann på omsorgssenteret. Sånn sett var det kanskje også ein vekkjar for oss, seier han og legg til at dei no vil gå gjennom rutinane for å sjå kva som fungerte og kva dei bør forbetre, seier Amdam.