Arvestrid avgjort i tingretten

Tingretten har gitt arvingane medhald i ein strid om eit testamente etter ein eldre mann i Ålesund. Mannen hadde testamentert bort store delar av verdiane sine til bygging av ny kyrkje på Hatlehol. Spjelkavik Sokn meinte testamentet tok utgangspunkt i alt mannen eigde, medan arvingane meinte det berre omhandla spesifikke eigendelar. Tingretten kom til at pengane på ein bestemt konto, og eigedomar mannen var medeigar i, måtte haldast utanfor testamentet.