Arve Henriksen "artist in residence"

I år er det trompetaren Arve Henriksen som har fått tittelen "artist in residence" under moldejazzen.

Arve Henriksen
Foto: Oliver Heisch

Dette blei offentleggjort tysdag klokka 12.00.

7 konsertar

Arve Henriksen skal spele kanskje opp til 7 konsertar i løpet av jazzfestivalen i Molde. - Delvis presenterer han prosjekt som han har arbeidd med før, og tildels blir det presentasjon av heilt nyskrive materiale, seier festivalsjef Jan Ole Otnæs.

Utlandet

Arve Henriksen er no ein av dei norske musikarane som gjer seg mest gjeldande både i Noreg og i utlandet. - Han er svært etterspurt og har stor allsidigheit, og han har ein heilt spesiell tone i trompeten sin, seier Otnæs.

Stryn og Sunnmøre

Trompetaren Arve Henriksen er frå Stryn, men opphavleg frå Stranda på Sunnmøre, der han blei fødd i 1968.

Artist in residence

Det er eit heidersmerke å bli utpeika til "Artist in residence". - Dette har blitt eit varemerke for Molde internasjonale jazzfestival, seier Otnæs. Opp gjennom åra har vi presentert til dels store internasjonale namn, men også dyktige kunstnarar frå Noreg. Denne vekselverknaden er viktig. Det viktig for oss å setje fokus på EIN musikar som får høve til å utfalde seg kunstnarisk i ei veke.

- Stjeler ikke rockeartister

Vil ha jazzlinje i Molde

Minner fra jazz-festen

700.000 i pluss

Jazzstemning på torsdag

4000 på konsert i regnet

Straumproblem for Moldejazz

Norsk og utanlandsk

Festivalsjef Jan Ole Otnæs seier det er viktig for å festivalen å markere både store utanlandske musikarar OG marknante norske kunstnarar. Arve Henriksen reiser no verda rundt i mange forskjellige samanhengar. - Vi synest det er veldig hyggeleg at vi kan presentere han som årets "Artist in residence", seier Otnæs.