Arthur (10) fekk klippe snora med kongen

Arthur Petterson-Kieffer (10) vann ein teiknekonkurranse, og fekk derfor vere med på scena og klippe snora då kong Harald opna det nye bølgekraftverket i Herøy.

Arthur (10) fekk klippe snora med kongen

KLIPTE SNORA: Arthur Petterson-Kieffer fekk klippe snora saman med kong Harald, då bølgekraftverket i Herøy blei offisielt opna.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg teikna ein slags båt med stenger som gjekk ned i vatnet som tek inn bølgene, seier Arthur Petterson-Kieffer.

Vinnarbildet til Arthur

VINNARBILDET: Denne teikninga gjorde at Arthur fekk bli med kongen på scena.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han leverte inn ei av omtrent 200 teikningar til konkurransen.

Arthur var godt fornøgd med å vinne, og seier at han nok kjem til å hugse dette resten av livet.

– Det var ein god følelse, seier han.

Folkefest i Herøy

Torill Myren

SPENT: Torill Myren var konferansier då kongen besøkte Herøy. Ho var spent, men overbevist om at det blei eit godt og variert program for alle som møtte opp.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mange har vore i sving for å gjere kongebesøket til ein folkefest, og det var litt nervar då det nærma seg. Kanskje litt ekstra for Torill Myren, som var dagens konferansier.

– Eg er veldig spent, men eg gler meg også. Eg trur det blir eit variert program, seier Myren.

– vêret er kanskje ikkje som de drøymde om, men betyr det noko?

– Eg trur folk har regnklede, og folkefest med kongen fungerer uansett vêr.

– Det er kjempestort. Det er einaste gongen han har vore her i offisielt ærend. Han er ein folkekonge som har ein god standing, også her, som gjer at folk er glade for å ta i mot han.

Kom for barnebarnet

Ingunn Voldsund og Karl Fredrik Bergheim

BESTEFORELDRE: Ingunn Voldsund og Karl Fredrik Bergheim var på plass for å sjå kongen, men like mykje for å sjå barnebarnet synge.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ingunn Voldsund og Karl Fredrik Bergheim såg ut til å trivast. Dei synast det er stort at kongen kjem til Herøy, men det var andre ting som var like viktig å få med seg.

– Eg er frå Bærum eg, så eg har jo vore i Oslo på 17. mai og sett kongen mange gonger før, seier Bergheim.

– Vi har eit barnebarn som skal vere med å synge, legg han til.

– Så de kom ikkje for kongen, men for barnebarnet?

– Ja, like mykje det, seier Bergheim og ler.

Sjå fleire bilde frå kongebesøket her:

Kongen hilser på blomsterpike i Forsnavåg
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK