Hopp til innhold

Årsetdalen ramma av skred igjen

For to år sidan, nesten på datoen, blei Årsetdalen på Vartdal i Ørsta ramma av skred. No har det same skjedd igjen, men førebels i mindre omfang. Det er enormt med vatn, seier lensmann Guttorm Hagen.

Ras i Årsetdalen

Beredskapsgruppa i Ørsta og politiet diskuterer situasjonen i Årsetdalen fortløpande.

Foto: Skjalg Longva

I november 2013 blei 40 personar evakuerte og i starten samla på Ørsta skule. To familiar fekk husa sine øydelagde.

Sidan den gong har NVE Region Vest i Førde vore særleg merksame på dette skredfarlege området.

Årsetdalen

Skredet i 2013 førte til at to familiar blei huslause.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det skredet som gjekk i dag er ikkje av same omfang, men alarmen har likevel gått i Ørsta kommune. Beredskapsgruppa og politiet drøftar situasjonen fortløpande og sistnemnde etat skal eventuelt sette i verk formell evakuering. Førebels har dei som bur i området i samråd med politiet flytta frivillig.

–Problemet er mykje overflatevatn der det gjekk eit skred for to år sidan, seier lensmann Guttorm Hagen.

Ikkje fare for husa

Arne Aarseth har friskt i minne det som skjedde for to år sidan, og han håpar inderleg det sluttar å regne. Regnet kan medføre fleire skred, og dessutan veks elva. Den kan ta nye løp viss den blir for stor, og folk på staden fortel at det har rumla av store steinar i elva i dag.

Guttorm Hagen

Lensmann Guttorm Hagen har mannskap på plass i Årsetdalen.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Vurderinga til geologar som kjenner området godt er at det per no ikkje er fare for husa, seier lensmann Guttorm Hagen til NRK.

Stor snøsmelting

Politiet har likevel plassert ein mann på staden for å overvake situasjonen.

Det er NVE som er bedne om å vurdere skredfaren, men veret gjer mellom anna at det er dårleg sikt. Mykje snøsmelting og ekstremt regnver er årsaka til skredet denne gong. Forholda er nokså like som då skredet gjekk i 2013, men vurderinga no er altså at det truleg ikkje kjem noko større skred.

Fylkesvegen på staden er stengt.

Årsetdalen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no