NRK Meny
Normal

Årsaksgruppe skal granske raset

Justisministeren engasjerer seg for å finne årsaka til ulykka i Fjelltunvegen i Ålesund.

Knut Storberget

Justisminister Knut Storberget

Foto: Esben A. Holm / NRK

Saman med Ålesund kommune vil justisdepartementet etablere ei årsaksgruppe som skal finne ut kvifor fjellblokka raste ut.

Mandat

- Statsråd Knut Storberget arbeider no med det mandatet gruppa skal ha og eit forslag til kven som skal vere med, seier varaordførar Lodve Solholm. Denne veka har han hatt eit møte med Storberget om saka. Om ei til to veker blir mandatet og medlemmene i gruppa offentleggjorde, etter at kommunen og departementet har hatt eit nytt møte.

Lodve Solholm

Lodve Solholm

Foto: Picasa 2.7

Fagfolk

- Vi ser for oss ei rein faggruppe med folk som geologar og byggtekniske ingeniørar, seier Lodve Solholm. Justisministeren har sagt at han vil vente litt med å leggje fram forslaget til ny plan- og bygningslov for Stortinget slik at eventuelle konklusjonar etter ulykka i Ålesund kan byggjast inn.