Hopp til innhold

Arresterte etter knivslagsmål

Mykje blod i huset. Tre er skadde.

Politi

Det var mykje blod i huset etter knivslagsmålet i Sykkylven natt til søndag. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I Sykkylven sentrum er to menn arresterte etter eit slagsmål natt til søndag.

I slagsmålet inne i eit husvære vart det brukt kniv. Den første meldinga til politiet gjekk ut på at det var mykje blod i huset.

Blir behandla på legevakta

Ifølge politiet var det to personar i tjueåra som slåst. Ein tredje person prøvde å gripe inn. Han ville skilje dei to som kjempa mot kvarandre.

Tre menn er skadde

Han fekk kuttskadar, og måtte sendast til legevakta. Alle dei tre er skadde, men det er ingen livstrugande skadar.

Politiet fekk melding om slagsmålet i Aure i Sykkylven i 04-tida natt til søndag. Då ordensmakta kom til staden fekk dei raskt kontroll over mannen som hadde kniven. Dei andre hadde trekt seg litt unna.

Ikkje klar for avhøyr

Operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt seier at dei involverte var rusa, og at dei derfor ikkje er i stand til å bli avhøyrde søndag morgon.

Dei to som slost er sette i varetekt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL