Slo til to menn i ansiktet

Ein mann i 20-åra måtte overnatte i arresten etter at han slo til to personar i Ålesund i natt.

politibil

ILLUSTRASJONSFOTO: Ein mann i 20-åra måtte overnatte i arresten i Ålesund i natt etter at han slo til to andre menn.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Det var like etter klokka 05.00 natt til laurdag at ein mann i 20-åra blei sett i arresten i Ålesund på grunn av ordensforstyrring og kroppskrenking.

– Det var snakk om tre personar som kom i kontakt med kvarandre, der den aktuelle mannen i 20-åra slo til dei to andre mennene, seier Jon Bratland, operasjonsleiar i politiet.

Både mannen og dei to andre hadde drukke alkohol.

Blir meldt

Mannen fekk dermed overnatt i arresten i Ålesund.

– Han blir meld for ordensforstyrring, og dei fornærma skal også vurdere om dei vil melde han for valden, seier Bratland.

Dei fornærma skal ha fått mindre skader.

– Dei klaga på smerter i kjake og kinn og må kanskje oppsøke lege etter kvart, men det var ikkje behov for helsebehandling i natt, fortel operasjonsleiaren.