Mann prøvde å rane tenåring i Ulsteinvik

Ein mann i 30-åra er arrestert og mistenkt for ransforsøk i Ulsteinvik i går kveld. Mannen skal ha lagt ein tenåring i bakken og forlangt pengar.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet ber no om at folk som har sett ransforsøket i går kveld om å ta kontakt.

Det var mellom klokka 18 og 18.20 onsdag kveld at mannen i 30-åra prøvde å rane ein tenåring. Guten vart lagt i bakken utanfor ein daglegvarebutikk i sentrum av Ulsteinvik.

Den mistenkte forlangte å få pengar og kom med trugslar, melder politiet. Han gav opp etter kort tid og forlét staden utan å få med seg verdiar. Mannen skal også ha oppført seg trugande ovanfor fleire personar utanfor butikken.

I 01-tida i natt vart mannen pågripen i bustaden sin og frakta til arresten i Ålesund.

Politiet er interesserte i å prate med vitne. Saka vert etterforska av Ulstein og Hareid lensmannskontor.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.