Arrestert i Sverige for gullsmedtjuveri

Svensk politi pågreip i går ein mann i 30 åra mistenkt for eit million-innbrot i Ålesund for to veker sidan.

Gullsmedran

Tjuvane fekk med seg store verdiar då dei braut seg inn hos ein gullsmed på Moa i Ålesund 15. august. No er ein person pågripen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Natt til fredag 15. august braut fleire personar seg inn hos ein gullsmed på Moa i Ålesund. Tjuvane tok seg inn gjennom ei inngangsdør og vidare gjennom veggen til gullsmedbutikken. Tjuvane saga seg gjennom veggen før deiforsynte seg av dei dei fann i utstillinga.

Pågripen i Sverige

Verdiar for omlag 4,5 millionar kroner blei borte under innbrotet. I går blei altså ein 30 år gamal mann pågripen av svensk politi, mistenkt for å vere ein av dei som står bak tjuveriet i Ålesund. Det skriv Smålandsposten.