Hopp til innhold

Stoppa 4.200 bilar i storkontroll

Politiet, tollvesenet og vegvesenet gjennomførte torsdag sin hittil største kontroll i fylket, og til saman 4200 bilar blei stoppa i ein 12 timar lang kontroll.

Storkontroll i Romsdalen

60 kontrollørar frå politiet, tollvesenet og vegvesenet deltok på storaksjonen torsdag.

Foto: Roar Strøm

Politiet, tollvesenet og vegvesenet sette inn store styrkar då dei torsdag gjennomførte ein omfattande trafikkontroll på Ørskogfjellet.

 Kjellbjørn Johansen

Kjellbjørn Rise Johansen, kontrollansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Alle bilane som køyrde dei populære pendlarvegen i tidsrommet 10.00 til 22.00 torsdag kveld blei stoppa av politiet.

Ein mann i slutten av 20-åra er mistenkt for bilkøyring i narkotikarus etter å ha blitt stoppa i kontrollen. Politiet gjorde også eit funn av narkotika i bilen til mannen.

– Eg er positivt overraska over at vi ikkje tok fleire rusa bilførar, fortel Kjellbjørn Rise Johansen, kontrollansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt.

60 kontrollørar i sving

34 bilistar fekk gebyr for køyring utan førarkort og elleve bilar blei avskilta på grunn av tekniske feil. I tillegg fekk 27 bilførarar mangellappar.

– Når ein ser på den stor mengda av kontrollerte køyretøy, må talet på reaksjonar seiast å vere gledeleg lågt, seier politiførstebetjent og trafikk-koordinator for politiet på Sunnmøre, Steven Blindheim.

Over 60 kontrollørar frå dei tre etatane var med på storkontrollen torsdag.

– Det er mykje trafikk over Ørskogfjellet, og vi ønskjer ikkje å hefte folk lenger enn vi må, seier Roar Ødegård, inspektør i Statens vegvesen.

kontroll Ørskogfjellet

4.200 køyretøy blei stoppa i storkontrollen på Ørskogfjellet torsdag.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Viktig å stå her

Også tidlegare i haust blei det gjennomført ein liknande kontroll i Romsdalen. Ødegård seier slike aksjonar gir eit styrka utgangspunkt for å stoppe både risikokøyrarar og risikokøyretøy.

– Det blir meir slagkraftig når vi samarbeider med andre etatar, så dette er noko vi likar å gjere, seier han.

Ødegård seier at slike kontrollar er viktig også som eit førebyggande trafikktiltak ved å vise bilistar at dei kan møte på slike kontrollar når og kor som helst.

– Trafikksikkerheita heng høgt for oss som jobba med dette kvar dag. Vi har hovudsakleg sett på førar og køyretøy, og det er klart det er viktig. Dekk, kjetting, sikt og lys, i tillegg er det utfordrande føre no. Vi føler at det er veldig viktig å stå her, seier han.