Då Ask Torsson Aure sin 11-årsbursdag sto for tur, kunne han ikkje feire på den vanlege måten, med å invitere familie og venner i bursdagsselskap.
For å hindre at koronaviruset spreier seg, er det blant anna anbefalt at ein ikkje arrangerer barnebursdagar som før. Men barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad oppfordra folk til å vere ekstra kreative. Den utfordringa tok mora til Ask.
– Sidan vi ikkje kunne invitere folk inn i heimen vår, så kom eg på at dei kunne komme køyrande forbi i trygg avstand, og gi ei bursdagshelsing til Ask, seier mor, Gyri Aure.
Ho kalla det ein «køyr forbi-bursdag».
Var ei overrasking til bursdagsbarnet
Familien på fire som er busett i Sykkylven på Sunnmøre, var ute og spelte badminton, då det plutseleg kom køyrande kjentfolk som ville gi Ask ei bursdagshelsing, sjølv visste han ikkje noko om det.
– Det var ei fin overrasking. Sjølv om det beste er å feire på den vanlege måten, så var dette veldig kjekt, seier bursdagsbarnet.
11 ÅR: Ask fylte 11 år i dag, den 21. mars.
Foto: Gyri Aure/privatOm lag femten gjestar fordelt på fem bilar deltok i feiringa. Dei tok med seg flagg og ballongar, og song bursdagssong til Ask.
Gyri Aure håper også dette kan bidra til å inspirere andre til å finne alternative løysingar når dei til dømes skal arrangere ein barnebursdag.
– Vi er veldig opptekne av å delta i den felles dugnaden om å spreie minst mogleg smitte. Derfor har eg lagt ut denne videoen på Facebook, i håp om å inspirere andre familiar til å gjere det same, seier ho.