Hopp til innhold

Arrangerer alternativ julefeiring i Molde

Denne jula blir det arrangert felles julefeiring for alle som vil i Molde domkyrkje.

Molde domkyrkje

I år blir det feiring på julaftan i Molde domkyrkje.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

Det skjer etter eit initiativ frå fleire privatpersonar i Molde.

– Eg meiner at Molde bør ha ei alternativ feiring for dei som ønskjer å feire jul saman med andre. Eg synest at ingen skal sitte aleine denne dagen, seier Anne Kine Opstad Petterson som var ein av initiativtakarane.

Dermed blir det i år arrangert julaftan i kyrkjekjellaren i Molde domkyrkje etter gudstenesta. Der vil det vere tradisjonell julemat og gode kaker, julesongar og juletregang for dei som vil. Opstad Petterson fortel at dei har fått god hjelp til å arrangere den alternative julefeiringa.

– Næringslivet i Molde har vist stor givarglede, alle eg har spurt har sagt ja, seier ho.

Låg terskel

Opstad Petterson og familien skal sjølv delta på julefeiringa i Molde domkyrkje. Ho seier dei ser fram til ei litt annleis julefeiring i år.

Anne Kine Opstad Petterson

Anne Kine Opstad Petterson var ein av initiativtakarane til julefeiringa i Molde domkyrkje.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

– Dei er opne for andre idear så eg trur det blir bra.

No håpar ho at mange vil ta turen til Molde domkyrkje på julaftan.

– Eg er spent og håpar at mange tek turen. Det betyr mykje å kunne vere saman på ein slik kveld. Eg håper at terskelen er så låg at alle føler dei kan kome, vi kan også hente dei som treng det, seier ho.

Opent for alle

Sokneprest Grethe Lystad Johnsen fortel at dei raskt sa ja til initiativet om ei julefeiring i domkyrkja.

– Vi synest det var ein kjempegod ide. Å kunne tilby ei slik julefeiring er i julas ånd, og det er flott at vi kan samlast og dele med kvarandre i denne tida, seier ho.

Dette er første gong Molde domkyrkje er open for eit slikt arrangement på julaftan.

– Dette er byens storstue og difor synest eg det er spesielt flott at vi kan bruke akkurat den, seier Lystad Johnsen.

Dei som vil kan melde seg på heilt fram til 18. desember. Soknepresten fortel at det allereie har kome inn påmeldingar, men at det framleis er plass til mange.

– Det er alle slags folk som har tatt kontakt. Det handlar nødvendigvis ikkje om å vere einsam, nokre har berre lyst til å gjere noko anna og bli kjend med nye folk, seier ho.